Morgonsong




Morgonsong, ottesong (norrønt óttusǫngr) eller laudes, latin for 'lovprisingar', er ei av morgonens tidebøner, eller ei gudsteneste halden om morgonen.[1]


Den katolske tidebøna har namnet laudes. Tidebøna har namn etter opningsorda i salmane 148-150,[2] som opnar med orda Lovsyng Herren. [3]
I den katolske kyrkja er laudes og vesper dei viktigaste tidebønene.


I Den norske kyrkja blir det halde ottesong på førstedagane i dei store høgtidene i visse kyrkjelydar, særleg i byane. Gudstenesta består av ein forkorta høgmesseliturgi.[4]



Liturgi |


I den katolske kyrkja vert laudes lesen på latin. Morgonsongen har i norsk form fått plass i Gudstenestebok for den norske kyrkja.[5] Liturgien for morgonsongen inneheld følgjande ledd:



  1. Innleiing

  2. Morgonsalme

  3. Bibelske salmar – ein, to eller tre bibelske salmar; anten frå Salmane eller ein annan bibelsk salme i bunden form

  4. Tekstlesing


  5. Preike eller tekstmeditasjon


  6. Sakarjas lovsong (Benedictus) – dette leddet er høgdepunktet i laudes

  7. Bøn

  8. Herrens bøn

  9. Slutningssalme

  10. Avslutning – lovprising, velsigning og evt postludium.



Referansar |





  1. «ottesong» i Nynorskordboka.


  2. Cappelens musikkleksikon (1980) ISBN 82-02-03690-9


  3. Salme 148,1


  4. «Ottesang.», Store norske leksikon, 14. februar 2009 


  5. Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon