Einar Gerhardsen

















Einar Gerhardsen

Einar Gerhardsen 1945.jpeg
Einar Gerhardsen i 1945.
Foto: Christoffer Gade Rude / Oslo Museum

Fødd
10. mai 1897
Asker
Død

19. september 1987
Oslo



Einar Gerhardsen på Commons



Gerhardsen på eit arrangement i Indre Arna på slutten av 1960-talet.
Foto: Bjarne Befring / Tore Sætre



Einar Henry Gerhardsen (10. mai 1897–19. september 1987) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var statsminister frå 1945 til 1951, frå 1955 til 1963 og frå 1963 til 1965.


I 1919 vart han formann i Vegvesenet si arbeidarforening og året etter i Oslo Arbeidersamfunn. Frå 1919 til 1926 var han sentralstyremedlem i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF), med ei periode som nestformann og som formann. I denne tida var han òg i sekretær i Norsk kommuneforbund i eitt år og sekretær i Det norske Arbeidarparti i tre år. Så vart han sekretær i Oslo Arbeiderparti frå 1926 til 1936.


Under den andre verdskrigen var Gerhardsen aktiv i motstandsrørsla, og han vart arrestert og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland. Han sat i Sachsenhausen frå 1942 til 1944, så på Grini til freden kom i 1945.


Medan og etter han var statsminister var han ein respektert person, til og med mellom dei som ikkje delte dei sosialdemokratiske synspunkta hans. Han vart populært kalla Landsfaderen for å ha leia til å bygge Noreg etter den 2. verdskrigen. Det vart lagt vekt på å byggja ein velferdsstat, med omfordeling av goda gjennom eit progressivt skattesystem.


I ein biografi om Gerhardsen har det kome fram at han gjorde framlegg om samarbeid med tyskarane sommaren 1940. Dersom det hadde vorte kjend etter krigen, kunne han ha fått store problem med å verta statsminister etter krigen.


Kritikarar av Gerhardsen og Arbeidarpartiet har skildra Noreg i Gerhardsen si styringstid som noko nær ein eittpartistat. I gransking av norske etterretningsorganisasjonar har det kome fram eit samrøre mellom etterretningstenesta og partiapparatet i Arbeidarpartiet.


Den 29. februar 1948 heldt Gerhardsen den såkalla Kråkerøytala. Tala innleia eit oppgjer med Norges Kommunistiske Parti og kommunistar i fagrørsla. Kommunistar i nært samband med Sovjetunionen hadde nett teke makta i Tsjekkoslovakia.


Gerhardsen mottok i 1970 St. Hallvards-medaljen, i 1971 Peer Gynt-prisen og i 1972 Borgardådsmedaljen i gull.



Sjå òg |




  • Johan Nygaardsvold si regjering (20. mars 1935-25. juni 1945)


  • Einar Gerhardsen si fyrste regjering Samlingsregjering (25. juni 1945 - 1. november 1945)


  • Einar Gerhardsen si andre regjering A (1. november 1945 - 19. november 1951)


  • Oscar Torp si regjering A (1. november 1951 - 22. januar 1955)


  • Einar Gerhardsen si tredje regjering A (22. januar 1955 - 28. august 1963)


  • John Lyng si regjering H, KrF, Sp, V (28. august 1963 - 25. september 1963)


  • Einar Gerhardsen si fjerde regjering A (25. september 1963 - 12. oktober 1965)

  • Norske regjeringar

  • Lengst sitjande norske statsministrar



Bakgrunnsstoff |



  • Biografi over Einar Gerhardsen hos dna.no


  • «Einar Gerhardsen». Stortinget.no. 





















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon