Olav H. Hauge
























Olav H. Hauge

OlavHHaugeCa1940.jpg

Fødd
18. august 1908
Ulvik
Død

23. mai 1994
Ulvik


Yrke
lyrikar, dagbokskriver, skribent
Ektefelle
Bodil Cappelen

Olav Håkonsson Hauge (18. august 1908–23. mai 1994), mest kjend som Olav H. Hauge, var ein norsk forfattar, ein av dei viktigaste lyrikarane innanfor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var gartnar av yrke og dreiv med fruktproduksjon.




Innhaldsliste






  • 1 Forfattarskap


  • 2 Utmerkingar


  • 3 Verk


    • 3.1 Diktsamlingar


    • 3.2 Atterdikting og omsetjing


    • 3.3 Andre utgjevingar


    • 3.4 Prosastykke




  • 4 Bakgrunnsstoff





Forfattarskap |




Teikning av Olav H. Hauge


Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettar, dikt der han sameiner ei streng form med eit grenseoverskridande innhald.


I lyrikken til Hauge er landskapet og naturen tydeleg til stades, både reint konkret og i symbolikken. Hauge var svært godt orientert i eldre og nyare europeisk og amerikansk lyrikk, gjennom omfattande lesing og sjølvstudium. Alfred Tennyson, William Butler Yeats, Robert Browning, Stephane Mallarmé, Arthur Rimbaud, Stephen Crane, Friedrich Hölderlin, Georg Trakl, Paul Celan, Bertolt Brecht og Robert Bly er alle vortne attdikta på norsk av Hauge.


Hauge debuterte i 1946 med samlinga Glør i oska, som inneheld dikt i tradisjonell form. Frå og med samlinga På Ørnetuva skjer det ei påtakeleg formell nyorientering mot eit modernistisk formspråk. Samlinga Dropar i austavind frå 1966 er vorten ståande som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Her finn vi bl.a. ei lang rekkje «tingdikt», som det kjende Katten:



Katten sit

i tunet

når du kjem.

Snakk litt med katten.

Det er han som er varast i garden.


Vi ser her ein konkretisme som til då var ukjend i norsk lyrikk, og som inspirerte generasjonar av seinare lyrikarar, for eksempel Jan Erik Vold. Frå og med 1966 skreiv Hauge dikt utan enderim, fast rytme og strofeform – med unntak av sonettane, som han alltid vende attende til, og som han har vore ein fornyar av i norsk lyrikk.


Naturbileta kan hjå Hauge anten fungere som symbol eller metaforar for menneskelege grunnerfaringar, men i den seinare delen av forfattarskapen kan biletet stå heilt ukommentert, slik at lesaren må skape meining sjølv.



Utmerkingar |




  • Den norske Kritikerprisen for litteratur 1961 for På ørnetuva


  • Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1968

  • Hauge fekk Doblougprisen i 1969


  • Sunnmørsprisen 1972 for Spør vinden


  • Melsom-prisen 1973


  • Aschehougprisen i 1978

  • Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 1981 for Dikt i samling


  • Nynorsk barnelitteraturpris 1983 for Regnbogane

  • I februar 2006 vart han heidra med eit frimerke (NK 1598).



Verk |



Diktsamlingar |



  • 1946 - Glør i oska. Noregs boklag, 1946.

  • 1951 - Under bergfallet. Noregs boklag, 1951.

  • 1956 - Seint rodnar skog i djuvet. Noregs boklag, 1956.

  • 1961 - På Ørnetuva. Noregs boklag, 1962 (1961).

  • 1966 - Dikt i utval : Dogg og dagar ved Ragnvald Skrede. Noregs boklag, 1965.

  • 1966 - Dropar i austavind. Noregs boklag, 1966.

  • 1971 - Spør vinden. Noregs boklag, 1971

  • 1972 - Dikt i samling. (Bokklubben Dagens bok, 1996) (Noregs boklag, 1972).

  • 1975 - Syn oss åkeren din i utval ved Jan Erik Vold. Bokklubben, 1975. (Henta frå Dikt i samling)

  • 1980 - Janglestrå. (utgjeve som del av Dikt i samling) Samlaget 1980.

  • 1983 - Regnbogane. Samlaget, 1983. (Henta frå Dikt i samling)

  • 1988 - Mange års røynsle med pil og boge (lydopptak). Samlaget, 1992 (1988).

  • 1998 - Det er den draumen. Samlaget.



Atterdikting og omsetjing |



  • 1967 - Utanlandske dikt. Noregs boklag

  • 1974 - Stephen Crane: Svarte ryttarar. Noregs boklag

  • 1978 - Bertolt Brecht: Til ettertidi. Oktober Forlag

  • 1978 - Hand grip hand i svevne - dikt av Robert Bly, Paul Celan, Sylvia Plath og andre moderne lyrikarar. Noregs boklag

  • 1982 - Dikt i umsetjing Noregs boklag, Samlaget 1992

  • 1991 - Frå Rimbaud til Celan. Samlaget



Andre utgjevingar |



  • 1986 - ABC. Illustrert av Bodil Cappelen

  • 1994 - Under Hauges ord. Utgjeve av Jan Erik Vold. Inneheld m.a. brevveksling mellom OHH og JEV

  • 1996 - Brev 1970 - 1975. Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Samlaget

  • 2000 - Dagbok 1924-1994. 5 bind. Samlaget



Prosastykke |


  • «Fjellet kring Uppsæte, Hallingskeid og Finse i eldre tid». Prenta i Norsk Årbok 2007. Først prenta i Den norske turistforeningens årbok 1950, Den norske turistforeningen, Oslo, 1950


Bakgrunnsstoff |



  • NRK: Lydfiler med Olav H. Hauge

  • NRK: Fjernsynsintervju med Olav H. Hauge

  • Offisiell nettside


  • Olav H. Hauge i NRK Forfatter


  • Olav H. Hauge i Dagbladet Forfatter


  • Olav H. Hauge i Aftenposten Alex

  • Hauge-Tveitt jubileet 08





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon