Japan




[endre]


























































Nippon (Nihon-koku)
日本国

(norsk: Japan, japansk)














Det japanske flagget

Det japanske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Kimigayo»
Motto
Ingen

Geografisk plassering av Japan

Offisielle språk

Japansk

Hovudstad

Tokyo

Styresett

Keisar
Statsminister


Konstitusjonelt monarki
Akihito
Yoshihiko Noda

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
377 915 km² (61.)
0,8 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2004)
 – Tettleik
 
126 451 398 (10.)
127 333 002
334,6 /km² (27.)

Nasjonaldag

23. desember

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
4 658 000 mill. USD (4.)
41 200 USD (30.)

Valuta

Japansk yen

Tidssone

UTC +9

Telefonkode
+81

Toppnivådomene
.jp






Kart over Japan


Japan (japansk: Nihon: 日 (sol) 本 (opphav), «soloppgangslandet») er eit øyrike heilt aust i Asia. Det ligg ved Stillehavet, aust for det japanske havet som skil det frå Kina, og den koreanske halvøya, som har kort veg til Japan over Koreasundet.


Japan er sett saman av nokre store og fleire små øyar. Dei store øyane, frå nord til sør, er Hokkaido, Honshu (den største), Shikoku og Kyushu. Landet ligg svært isolert til, og har utvikla sin særeigne kultur, med noko påverknad frå Kina. Etter Den andre verdskrigen har den sterkaste påverkinga kome frå USA.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Klima




  • 2 Politikk


  • 3 Administrativ inndeling


  • 4 Kjelder


    • 4.1 Referansar




  • 5 Bakgrunnsstoff


    • 5.1 Offisielt


    • 5.2 Anna







Geografi |



For meir om dette emnet, sjå japansk geografi.



Klima |




Japansk hus på ein innsjø i Tazawako


Dei 4000 øyane i Japan går frå tropane i sør til nordlege midlare breidder i nord, så ein har store klimatiske kontrastar frå nord til sør. Hovudtrekka er derimot at vinteren er kald og somrane er varme og våte. Om vinteren, når den kalde nordaustlege vinden i samband med den asiatiske monsunen tar med seg fukt frå Japanhavet fører dette til ein av dei største klimakontrastane i verda. Vestsida av fjella som deler Honshu på tvers, særleg dei sentrale områda, får store mengder snø, som fell nesten dagleg gjennom vinteren. Ibukifjellet har verdsrekorden for største snødjupne med 11,82 m frå 1927. I låglandet kjem det ofte opp mot 150 cm i løpet av vinteren, men mengda varierer ein god del frå år til år. Sjølv dei sørlege områda på Kyushu kan få nokre dagar med snø kvart år. Kysten av Stillehavet og området rundt innsjøen Seto Naikai har derimot eit ganske anna klima med klårt og kjølig vêr. Fleire område her har meir sol om vinteren enn om sommaren. Seint på vinteren eller tidleg på våren kan små lågtrykk kome opp frå Taiwan og gje litt regn eller snø i dei sørlege eller austlege byane.


Ustadige varmeperiodar i mars trengjer seg nordover og fører til bløminga av kirsebærtrea på Honshu i april. Midten av våren er vanlegvis ei fin tid i Japan med unntak av enkelte episodar med sandstormar frå Mongolia som fargar himmelen gul. Ein kan få litt regn av og til, og innimellom kraftige hagl- og torebyger. Etter kvart strekkjer den kinesiske monsunfronten Mei-yu seg inn over Japan, her kalla Bei-u. Dette kan føre til kraftig regn i heile Japan i vekesvis, med unntak av Hokkaido, vanlegvis frå midten av juni til tidleg i juli. Når fronten har regna frå seg set sommaren inn for fullt med tropiske temperaturar som varer til ut i september. Vêret er trykkande men sjøbris og torebyger på ettermiddagen kan gje litt friskare forhold. Ein svakare versjon av Bei-u-fronten flyttar seg sørover igjen i september og oktober, og kan gje nokre veker med regnvêr igjen. Japan vert i gjennomsnitt råka av tre-fire tyfonar kvar haust, og særleg den sørlege kyststripa er kan få store øydeleggingar og flaum.


Hokkaido, som er den nordlegaste av dei store øyane, er fleire grader kaldare året rundt enn dei andre øyane. Sjølv om Hokkaido er litt tørrare enn Honshu får ho likevel rikeleg med regn og snø. Dei austlege områda får i snitt 800 mm i året, medan den vestlege sida kan få opp mot 2000 mm. Ofte har ein tåke på den søraustlege kysten frå juni til august. Temperaturane kan variere ein god del frå år til år både om vinteren og om sommaren.


Dei subtropiske øyane i Japan har forholdsvis tørre vintrar, men ein kan få ganske så kjølig og skya vêr så langt sør som til Okinawa. Sommaren er varm, fuktig og solrik, men somme tider tyfonar kan slå til mot øyane med full kraft.



Politikk |



For meir om dette emnet, sjå japansk politikk.


Japan er eit konstitusjonelt monarki der keisaren har avgrensa makt. Keisaren har i dag primært seremonielle funksjonar og er definert av grunnlova som «symbolet på staten og folket». Makta er i hovudsak hjå den japanske statsministeren og andre valte medlemmer av nasjonalforsamlinga.[1]Akihito er den noverande keisaren av Japan og Naruhito er tronarvingen.


Det lovgjevande organet i Japan er nasjonalforsamlinga, eit parlament med tokammersystem. Nasjonalforsamlinga utgjer eit representanthus (Shugi-in) med 480 medlemmer, som vert utnemnde ved val for fire år, og eit rådgjevarhus (Sangi-in) med 242 medlemmer, som vert utnemnde ved val for seks år. Det er ålmenn stemmerett for vaksne over 20 år.



Administrativ inndeling |



For meir om dette emnet, sjå prefektur i Japan og regionar i Japan.


Japan er administrativt delt inn i førtisju prefektur (ken), kvart av dei med ein folkevalt guvernør og representative forsamlingar. Kvart prefektur er vidare delt inn i mindre, lokale einingar som byar (shi) og landsbyar (son). Under er prefektura lista opp etter regionen dei høyrer til:
















Hokkaido



1. Hokkaido



Tōhoku



2. Aomori

3. Iwate

4. Miyagi

5. Akita

6. Yamagata

7. Fukushima



Kantō



8. Ibaraki

9. Tochigi

10. Gunma

11. Saitama

12. Chiba

13. Tokyo

14. Kanagawa



Chūbu



15. Niigata

16. Toyama

17. Ishikawa

18. Fukui

19. Yamanashi

20. Nagano

21. Gifu

22. Shizuoka

23. Aichi



Kansai



24. Mie

25. Shiga

26. Kyoto

27. Osaka

28. Hyōgo

29. Nara

30. Wakayama



Chūgoku



31. Tottori

32. Shimane

33. Okayama

34. Hiroshima

35. Yamaguchi



Shikoku



36. Tokushima

37. Kagawa

38. Ehime

39. Kōchi



Kyūshū og Okinawa



40. Fukuoka

41. Saga

42. Nagasaki

43. Kumamoto

44. Ōita

45. Miyazaki

46. Kagoshima

47. Okinawa




Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Japan» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2011.



  • «Japan – forfatning og politisk system» i Store norske leksikon, snl.no.


Referansar |





  1. «The Constitution of Japan». House of Councillors of the National Diet of Japan. 3. november 1946. Henta 10. mars 2007. 




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Japan


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Japan frå Wikivoyage



Offisielt |




  • Japan-embassy.no – Den japanske ambassaden i Noreg


  • Kantei.go.jp – Statsministeren og kabinettet si offisielle heimeside.


  • Sangi-in.go.jp – Rådet (parlamentet sitt overhus, riksdagen)


  • Shugi-in.go.jp – Representantane sitt hus


  • Courts.go.jp – Japansk høgsterett si offisielle heimeside.


  • Kunaicho.go.jp – Keisarfamilien si offisielle heimeside.



Anna |



  • {en} Hanami Web - Inside Japan

  • CIA World Factbook – Japan

  • Kyodo Japan, nyhendebyrå


  • The Foreigner – Japan – Eit nettmagasin om Japan


  • AJR Newslink – Database over engelskspråklege aviser i Japan

  • Ofte stilte spørsmål om Japan

  • Business Week – Japan: The System That Soured


  • Utanriksdepartementet – Detaljerte rapportar om japanarane sin utanrikspolitikk, utdanningssystem, kultur og levevis.


  • Japan Zone – Japansk reiseguide, japansk populærkultur, historie og japansk etikette


  • Pressefridomsindeks – Nummer 26 av 139 rangerte land


  • Open Directory-prosjekt – Oversikt over japan


  • lookjapan.com – nettmagasin om Japan


  • japaneselifestyle.com.au – Internettressurs om japansk kultur og kimono

  • Price Check Tokyo

  • Japan SAQ (Seldom Asked Questions)


  • The Beautiful Way of the Samurai Historie over homofili i Japan


  • J-Pop.com Ein portal til japansk populærkultur


  • [1] Lenkjer til fakta om Japan (fleirspråkleg)


  • GotJapan.com Ein guide om å reise, bu, arbeide og studere japansk













Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon