Han-kinesarar






Han-kinesarar som framleis ber drakter frå Ming-dynastiet.


Han-kinesarar viser til ei etnisk gruppe frå Kina som etter dei fleste moderne definisjonar er den største folkegruppa i verda – nesten ein femtedel av menneska i verda. Ho er majoritetsgruppa i Folkerepublikken Kina (92 %) og Taiwan (98 %) og Singapore (75 %).




Kart over Han-riket rundt 100 f.Kr.


Ein nyttar uttrykket for å skilja majoriteten av kinesarar frå dei mange mindre etniske gruppene som finst i Kina. Namnet kjem frå Han-dynastiet som herska over dei delane av Kina som er kjerneområdet til han-kinesarane. Ofte nyttar ein nemningane «kinesarar» og «han-kinesarar» om einannan, men i Kina vert dette oppfatta som svært feil sidan det ikkje tek omsyn til dei 55 etniske minoritetane i landet.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Han-kinesere» frå Wikipedia på bokmål, og «Han Chinese» frå Wikipedia på engelsk den 10. september 2009.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon