Grimstad

















































Grimstad

By

Grimstad 41.JPG

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Aust-Agder

Kommune

Grimstad

Areal
9,75 km²

Folketal
12 899 (2017)
Folketettleik

1 323 / km²



Postnummer
4891 GRIMSTAD

Preposisjon

i Grimstad


Wikimedia Commons: Grimstad (city)


Grimstad er ein by og administrasjonssenteret i Grimstad kommune i Aust-Agder fylke. Tettstaden har 12 899 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved ei bukt av Groosefjorden, som treng seg nordover inn i Fjære.


Grimstad er ein viktig skuleby med vidaregåande skular og Høgskolen i Agder med ingeniør- og naturforvaltarutdanning, Telenor Kompetanse (tidl. Teleskolen) i tillegg til teknologisenter for forsking og utvikling (avd. av Agderforskning). Frå starten av skuleåret 2010 vart verksemda til universitetet i Agder samla i Teknologiparken i Grimstad.[1]


Grimstad Adressetidende er lokalavisa i byen og kjem ut tre dagar i veka.




Innhaldsliste






  • 1 Historikk


  • 2 Kultur


  • 3 Næringsliv


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder





Historikk |




Storgata i Grimstad


Grimstad er frå 1528 nemnd som ei hamn for utførsle av trelast. På byrjinga av 1600-talet vart staden lasteplass under Arendal, fekk i 1791 fridom for last og loss mot ei fast avgift til Arendal og vart i 1816 sjølvstendig kjøpstad. Grimstad fekk då sin første glansperiode som hamn for utførsle av produkt frå jernverket Frolands verk. Ved slutten av 1800-talet var Grimstad by for skipsbyggeri, i hovudsak seglskuter, og reiarlag. Etter kvart som seglskipa vart erstatta av stål- og dampskip, vart byen mindre viktig for sjøfarten.



Kultur |




Grimstad bymuseum


Om sommaren er det ei stor tilstrømming av turistar til Grimstad. Bykjernen er ein attraksjon med idylliske, gamle byinteriør og smale, krokete gater. Det er fleire freda bygningar frå 1700- og 1800-talet i byen. Ibsenhuset og Grimstad bymuseum rommar eit freda apotek frå 1757 der Henrik Ibsen arbeidde frå 1844 til -50, likeins stova der han budde. Årleg er det arrangert ein Ibsenfestival. Bymuseet viser fram seglskipsverft i Hasseldalen, fotosamling i Matroshuset og utstillingar i Reimanngården. Kvar juni vert det arrangert kortfilmfestival


Fjære kyrkje ligg 3 km nord for sentrum og er ei tidleg mellomaldersk steinkyrkje. På nordsida til kyrkja står eit monument over Terje Vigen. Grimstad kyrkje er langkyrkje bygd 1881 i tre og restaurert 1966/67. Nørholm ligg 6 km i sørvest, som vart kjøpt 1918 av Knut Hamsun, er i dag eigd av familien. Ein attraksjon sommarstid er Dømmesmoen hagebrukskole med blomsteranlegg, arkeologisk felt, gravhaugar og steinkrinsar frå bronse- og jernalder. Agder Teater har årlege oppsettingar på eit friluftsteater i eit tidlegare steinbrot i Fjæreheia.



Næringsliv |


Industri er viktig i Grimstad med verkstadindustri som den største med om lag 4/5 av dei sysselsette innan industrien i 2001. Denne industrien er i hovudsak retta mot offshore- og skipsindustrien, men det er også noko båtbygging og mekanisk industri. Trevare- og næringsmiddelindustrien er også viktige bransjar. Næringsmiddelindustrien er prega av konservering av frukt, bær og grønsaker i tillegg til produksjon av eddik basert på råstoff frå dei næraste distrikta kringom byen. Reiarlagnæringa er framleis viktig for byen og nærområdet. Innseglinga er heller smal, men skip på opptil 70 000 tinn kjem innom. Hamna er delt ved ein smal tange, Torskeholmen. I det austre bassenget ligg gjeste- og småbåthamn. I det vestre finst industrihamn med djupvasskai og kran.



Sjå òg |



  • Grimstad kommune

  • Tettstader i Aust-Agder



Kjelder |



  • «Grimstad – kommune i Aust-Agder» av Jan Erik Nilsen Store Norske Leksikon




  1. Ny campus i Grimstad Universitetet i Agder






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon