Lærar





Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Ein lærar er ein kunnskapsformidlar. Ein person som er utdanna til å undervise barn og ungdom blir òg kalla ein pedagog.




Innhaldsliste






  • 1 Lærargrupper


  • 2 Lærarutdanning


  • 3 Historikk


  • 4 Bakgrunnsstoff





Lærargrupper |


Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut frå kva utdanning dei har:




  • Førskulelærar: utdanna pedagog retta mot barn frå 3 til 6 år (opp til 10 år med tilleggsutdanning). Minimum 3 års utdanning.


  • Ålmennlærar: utdanna pedagog for grunnskulen (1. til 10. klasse) med minst 4 års utdanning.


  • Adjunkt: lærer med cand.mag.-grad eller bachelor og pedagogisk utdanning.


  • Lektor: lærar med hovudfag eller mastergrad og pedagogisk utdanning.


  • Yrkesfaglærar: lærar i yrkesfag / praktiske fag med praktisk og teoretisk utdanning innanfor sitt fagområde + pedagogisk utdanning.


  • Rektor: skuleleiar.



Lærarutdanning |


Lærarutdanninga kan òg delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:



  • Førskulelærarutdanning på tre år.

  • Ålmennlærarutdanning på fire år.

  • Yrkesfaglærarutdanning på tre år.

  • Praktisk-pedagogisk utdanning på eitt år, nytta som påbyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad, og for yrkesfaglærarar med praktisk og teoretisk fagutdanning, f.eks. fagbrev og teknisk fagskole.

  • Integrert mastergrad (femårig).


Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.



Historikk |


Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta på slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes ved Harstad.


Dei to-årige stiftsseminara bygde på allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning på 1800-talet.


I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.


Lengda på lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-årig, ved lærarskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-årig med ei to-årig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart ålmennlærarutdanninga tre-årig, bygd på gymnas/studiekompetanse, og frå 1992 fire-årig.


Den praktiske pedagogiske utdanninga (for å verte adjunkt, lektor eller yrkesfaglærar) blei i 1991 utvida frå eit halvt år til eitt år.



Bakgrunnsstoff |





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon