Utdanning






Utdanning i Codex Manesse frå 1300-talet.


Utdanning er eit uttrykk som omfattar det å lære ei spesifikk kunne, og av og til mindre handgripeleg: å få kunnskap, god dømmekraft og visdom.


Utdanninga startar det augeblikket eit barn blir født og fortsett heile livet. For somme er kampane og triumfane i det daglege livet mykje meir lærerike enn ein formell skolegang (eller som Mark Twain seier: «Eg lèt aldri skolen komme i vegen utdanninga mi»). Familiemedlemer har ein stor utdannande påverknad - ofte meir enn dei sjølv innser – sjølv om familiens utdannande påverknad er svært uformell.


Ei formell utdanning inntreff når samfunnet forpliktar seg til å utdanne folk, som regel dei unge. Ei formell utdanning har fordelen av å vera rimeleg systematisk og grundig. Men kritikarar har alltid framheva at dei som sørgjer for utdanninga, om det er kyrkja, staten eller ei anna gruppe, nesten alltid vil prøve å forme dei studerande etter sine eigne ideal.


I dei seinare åra har ei livslang utdanning (livslang læring) blitt meir vanleg, og mange vaksne ser ikkje skolen til å vera ein stad berre for born.
Dei seinaste åras teknologiske utvikling innanfor berbare apparat har au gjort at ein ikkje fysisk må sitje på skolebenken for å delta i undervising. I staden kan utdanninga skje som fjernundervising - eller i ein kombinasjon mellom fjernundervising og tradisjonell undervising.




Innhaldsliste






  • 1 Kategoriar


  • 2 Formell utdanning


  • 3 Utdanningspolitikk


  • 4 Uformell utdanning


  • 5 Teori og metodar


  • 6 Sjå også





Kategoriar |



Klassisk utdanning - Lesing - Matematikk - Språk - Vitskap - Etikk - Fysisk utdanning - Religiøs utdanning


Formell utdanning |



Grunnskole - Friskole - Vidaregåande skole - Høgskole - Teknisk fagskole - Universitet


Utdanningspolitikk |



Analfabet - Standardisert test - Utdanningsreform - Skoleval - Skolestyre


Uformell utdanning |



Tidleg instruksjon - Heimeskole


Teori og metodar |



Utdanningsfilosofi - Utdanningsmetodar - Læremetodar


Sjå også |



  • Utdanningsinstitusjon, kveldsskole, akademi, handelsskole, elev, lektor, professor, dekan, adjunkt, rektor, institutt, fakultet, lektorat, adjunktur, doktorat, doktor, doktorgrad, doktoravhandling, Ph.D., forskingslegat, legat, seminar, læreanstalt, intelligens, intelligent




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon