Vestnes kommune


































































Vestnes kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal


Adm.senter

Vestnes

Areal
352 km²
 - land
348 km²
 - vatn
4 km²

Folketal
6 559 (1. januar 2018)
Folketettleik

19 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Geir Inge Lien (Sp)


Kommunenr.
1535




NO 1535 Vestnes.svg




Wikimedia Commons: Vestnes

Nettstad: www.vestnes.kommune.no


Vestnes kommune er ein kommune som ligg på sørsida av Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Rauma i aust, til Stordal og Ørskog i sør, og til Skodje og Haram i vest. Nord for Moldefjorden ligg kommunane Midsund og Molde. Kommunen vart danna i 1964 då kommunane Vestnes og Tresfjord vart slåtte saman.




Utsyn mot Vestnes sentrum, med Helsetnakken og Hoemsfjella i bakgrunnen.


Vestnes kommune har fire tettstader; kommunesenteret Vestnes, Tomrefjord, Tresfjord og Fiksdal. I tillegg har kommunen bygdene Rekdal, Øverås/Nerås, Daugstad og Vikebukt.





Innhaldsliste






  • 1 Kyrkjer


  • 2 Næringsliv


  • 3 Folketalsutvikling


  • 4 Kjende folk frå Vestnes kommune


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff








Kyrkjer |


Vestnes kyrkje ligg på Helland i Vestnes, administrasjonssenteret. På andre sida av Tresfjorden ligg Vike kyrkje på Vike (Vikebukt). Tresfjord kyrkje ligg lengst inn i Tresfjorden og i Fiksdal ligg Fiksdal kyrkje.



Næringsliv |


Vestnes er i hovudsak ein industrikommune, men er òg ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Den viktigaste bransjen i Vestnes kommune er skips- og båtbygging. Elles har kommunen bedrifter innan næringsmiddel-, tekstil- og beklednings-, trevare-, møbel- og metallvareindustri, og produksjon av mineralske produkt.[1]


E136 frå Ålesund og Sjøholt går langs Tresfjorden og vidare til Åndalsnes og Dombås. Frå E136 går E39 (Kristiansand–Trondheim) til Vestnes og herfrå går fylkesveg 661 til Tomrefjord og vidare langs vestsida av Tomrefjorden til Vatne i Haram. Det er ferjesamband med Molde frå Furneset på E39, og hurtigbåtsamband mellom Molde, Vestnes og Vikebukt.[1]



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for noverande Vestnes kommune frå 1899:































1.1.1899[2]
1910[3]
1.12.1920[4]
1.12.1930[5]
3.12.1946[5]
1.1.1951[6][7]
1.1.1961[6][7]
1.1.1971[6]
1.1.1981[6]
1.1.1991[6]
1.1.2001[6]
1.1.2010[6]
3756
3857
3985
4044
4776
4901
5195
5637
6289
6413
6486
6506




Vestnes kyrkje




Vestnes poststasjon på siste halvdelen av 1800-talet



Kjende folk frå Vestnes kommune |




  • Kjetil Rekdal, Fotballtrenar


  • Bjørn Rune Gjelsten, Investor


  • Mali Furunes, (1888–1968), skodespelar, folkedansinstruktør, forteljar og innsamlar av draktskikkar (bunader) i Romsdal.


  • Jakob Kjersem, Langdistanseløpar


  • Paul Gåsøy, biletkunstnar

  • Knut Marius Djupvik, vinnar av The Voice, 2013



Kjelder |





  1. 1,01,1 Geir Thorsnæs (8. juli 2010). «Vestnes». Store Norske Leksikon. Henta 16. august 2014. 


  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)


  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data


  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  5. 5,05,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  6. 6,06,16,26,36,46,56,6 Folkemengd i Vestnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  7. 7,07,1 Folkemengd i Tresfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |


  • Vestnes kommune


















Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon