Kristeleg Folkeparti































































Kristeleg Folkeparti
Kristelig Folkeparti Logo.svg

Ideologi Kristendemokrati
Oppretta 1933
Farge
         
Partileiar Knut Arild Hareide
Ungdomsorganisasjon Kristeleg Folkepartis
Ungdom
Partiavis Folkets Framtid
Internasjonal tilknyting Den kristeleg-
demokratiske
internasjonale
Europeisk tilknyting Det europeiske
folkepartiet
Ordførarar


17 / 428

Kommunestyre-
representantar


623 / 10 620

Fylkestings-
representantar


46 / 777

Stortings-
representantar


8 / 169

Medlemstal 27 122
Nettstad krf.no

Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.


Partiet sat frå valet i 2001 til oktober 2005 i regjeringsposisjon saman med partia Høgre og Venstre. Kjell Magne Bondevik si andre regjering vart utnemnd den 19. oktober 2001. Den noverande partileiaren er Knut Arild Hareide, som tok over for Dagfinn Høybråten i 2011.


Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik høyrer til KrF.


Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Stortingsval 1933-2013




  • 2 Bakgrunnsstoff


    • 2.1 Litteratur







Historie |


Kristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange, særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti.
Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan
partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.


Ved stortingsvalet 2013 fekk partiet 5,6 % av røystene.



Stortingsval 1933-2013 |




Oppslutninga om Kristeleg Folkeparti i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005












































































































Årstal Prosent av røystene Stortingsrepresentantar
1933 0,8 % 1
1936 1,3 % 2
1945 7,9 % 8
1949 8,5 %¹ 9
1953 10,5 % 14
1957 10,2 % 12
1961 9,6 %¹ 15
1965 8,1 %¹ 13
1969 9,4 %¹ 14
1973 12,2 %¹ 20
1977 12,4 %¹ 22
1981 9,4 %¹ 15
1985 8,3 % 16
1989 8,5 % 14
1993 7,9 % 13
1997 13,7 % 25
2001 12,4 % 22
2005 6,8 % 11
2009 5,5 % 10
2013 5,6 % 10

¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eitt eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.



Bakgrunnsstoff |



  • KrF sin nettstad

  • Samling om verdier; en studie av Kristelig Folkeparti 1969-2001

  • Valresultat for KrF i kommune- og fylkestingsvalet 2007 (NRK)



Litteratur |



  • Olav Garvik (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7

  • Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8















Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?