15. november
15. november er den 319. dagen i den gregorianske kalenderen (320. under skotår). Det er 46 dagar att av året.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Namnedag
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
5 Bakgrunnsstoff
Merkedag |
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 15. november i 2019:
Namnedag |
Noreg | Oddfrid og Oddvar |
Sverige | Leopold |
Danmark | Leopold |
Hendingar |
Utlandet |
1889: Brasil blei erklært republikk av Marechal Deodoro da Fonseca og keisar Pedro II av Brasil blir avsett i eit militærkupp.
1920: Det fyrste møtet til Folkeforbundet blei halde i Geneve i Sveits.
1942: Andre verdskrig: Slaget om Guadalcanal tok slutt med store amerikanske tap.
1943: Holocaust: Heinrich Himmler gav ordre om at sigøynarar skulle handsamast på lik linje med jødar, og sendast til konsentrasjonsleirane.
1948: Louis Stephen St. Laurent blei kanadisk statsminister.
1969: Den sovjetiske ubåten K-19 kolliderte med den amerikanske ubåten USS Gato i Barentshavet
1971: Intel innførte den fyrste mikroprosessoren i verda (4004) på marknaden.
1978: Ein DC-8 styrta nær Colombo på Sri Lanka, og 183 menneske døydde.
1988: Det sovjetiske romferjeprosjektet Buran utførte ei umanna romferd (den fyrste og einaste romferda til det sovjetrussiske romferjeprosjektet).
2000: Ein Antonov AN-24 styrta etter avgang frå Luanda i Angola, meir enn 40 menneske døydde.
Noreg |
1902: Ofotbanen mellom Narvik og Kiruna vart opna for trafikk.
1904: Livbåten «Uræd», betre kjend som Brudeegget, kom til Saint John's i Newfoundland etter vel 100 døgns seglas frå Ålesund.
1945: Sigurd Evensmo sin roman Englandsfarere kom ut.
1950: 14 menneske omkom då to tog kolliderte ved Hjuksebø stasjon på Sørlandsbanen.
1973: Sovjetsamveldet, Noreg, Danmark, Canada og USA inngjekk avtale om forbod på jakt på isbjørn, med unnatak for urfolks tradisjonelle jakt, samt til vitskapleg formål.
1985: Mjøsbrua mellom Biri og Moelv vart opna for trafikk.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 15. november.
1738: William Herschel, tysk-britisk astronom
1708: William Pitt den eldre, britisk statsminister
1859: Christopher Hornsrud, norsk statsminister
1888: Harald Ulrik Sverdrup, norsk havforskar
1891: Erwin Rommel, tysk hærførar
1897: Aneurin Bevan, britisk politikar
1911: Edith Carlmar, norsk filmskapar
1938: Aril Edvardsen, preikar og misjonær
1945: Anni-Frid Lyngstad, svensk songar
1954: Aleksander Kwasniewski, polsk president
Døde |
- Sjå òg Døde den 15. november.
1630: Johannes Kepler, tysk astrolog, astronom og matematikar
1787: Christoph Willibald Gluck, tysk toneskapar
1908: Cixi, kinesisk statsleiar
1917: Emile Durkheim, fransk sosiolog
1918: Amund Helland, norsk geolog og samfunnsforskar
1978: Margaret Mead, amerikansk antropolog
Bakgrunnsstoff |
< November > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 > |