Eurovision Song Contest 1956
































































Eurovision Song Contest 1956



ESC 1956 logo.svg





Offisiell tittel
1. Gran Premio Eurovisione della Canzone Europea

Dato
Finalen
24. mai 1956
Vertskap




Stad
Teatro Kursaal i Lugano i Sveits





Programleiar(ar)
Lohengrin Filipello





Dirigent
Fernando Paggi





Kringkastar(ar)
Radiotelevisione svizzera di lingua italiana

Varigskap
Finalen 1 time og 40 minutt
Opningsnummer
Pausenummer
Finalen Les Joyeux Rossignols og Les Trois Ménestrels
Bidrag




Røystesystem
Kvart land hadde 2 jurymedlemmar, unntaken Luxembourg som lét den sveitsiske juryen røyste for seg. Dei gav 1-10 poeng til kvart bidrag





Antal bidrag
7 land. 2 songar kvar





Debuterte
Belgia
Frankrike
Vest-Tyskland
Luxembourg
Nederland
Italia
Sveits

Kart


Belgia Eurovision Song Contest 1956
Frankrike i Eurovision Song Contest 1956
Italia Eurovision Song Contest 1956
Luxembourg i Eurovision Song Contest 1956
Nederland i Eurovision Song Contest 1956
Sveits Eurovision Song Contest 1956
Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1956
frameless}}
Om dette bilete





██ Deltok██ Aldri delteke

Røysting




Vinnar
Sveits med «Refrain» av Lys Assia


Eurovision Song Contest





Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg
Frankfurt am Main 1957


Eurovision Song Contest 1956 (ESC 1956), offisielt 1. Gran Premio Eurovisione della Canzone Europea, var den fyrste gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Teatro Kursaal i Lugano i Sveits. Finalen fann stad torsdag 24. mai 1956. Sveits vann tevlinga med songen «Refrain», framførd av Lys Assia.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Finalen


  • 3 Kommentatorar


  • 4 Kjelder





Historie |


På eit møte med Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) i Monaco i 1955 kom det oppe ein ide om å arrangere ein europeisk musikktevling basert på den italienske festivalen Festival della Canzone Italiana di Sanremo.


Den sveitsiske byen Lugano vart valt som vertsby for arrangementet som vart arrangert eitt år seinare. Lohengrin Filipello var programleiar for tevlinga som varte i éin time og 40 minutt. Dei sju deltakarlande deltok med to songar kvar. Pausenummeret vart forlengja under tevlinga på grunn av forsinkingar med røystinga.


Vinnaren vart kåra av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltagerlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Jurymedlemmane stod fritt til å røyste på dei songane dei likte best, òg songar frå sitt eige land. Røystegjevinga til juryen vart aldri presentert i programmet; ein talsmann kunngjorde ganske enkelt at Sveits hadde vunne. Dette var fyrst og fremst ein radiotevling. Sjølv om det fanst fjernsynskamera i studioet, finst det ikkje lenger nokon fjernsynsopptak av tevlinga, berre radioopptak.


Berre enkeltartistar fekk delteke i tevlinga, ikkje duoar eller grupper. Danmark, Storbritannia og Austerrike meldte seg på etter at tidsfrista var gått ut og vart dimed diskvalifisert. Bidraga frå Frankrike og Belgia vart ikkje spelt inn av artistane som song songane i Eurovision Song Contest.



Finalen |


Finalen vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal i Lugano. Sveits vann tevlinga for fyrste gong. Kvart land deltok med to songar kvar, det var fyrste og siste gongen det vart gjort slik. Under vinnarframføringa av songen «Refrain» gløymte Lys Assia teksten, så ho og orkesteret måtte starte på nytt. Det er fyrste og siste gong i historia at det har hendt.










































































































































# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01
Nederland
Jetty Paerl «De vogels van Holland» Nederlandsk N/A
N/A
02
Sveits
Lys Assia «Das alte Karussell» Tysk N/A
N/A
03
Belgia
Fud Leclerc «Messieurs les noyés de la Seine» Fransk N/A
N/A
04
Vest-Tyskland
Walter Andreas Schwarz «Im Wartesaal zum großen Glück» Tysk N/A
N/A
05
Frankrike
Mathé Altéry «Le temps perdu» Fransk N/A
N/A
06
Luxembourg
Michèle Arnaud «Ne crois pas» Fransk N/A
N/A
07
Italia
Franca Raimondi «Aprite le finestre» Italiensk N/A
N/A
08
Nederland
Corry Brokken «Voorgoed voorbij» Nederlandsk N/A
N/A
09
Sveits
Lys Assia «Refrain» Fransk N/A 01
10
Belgia
Mony Marc «Le plus beau jour de ma vie» Fransk N/A
N/A
11
Vest-Tyskland
Freddy Quinn «So geht das jede Nacht» Tysk N/A
N/A
12
Frankrike
Dany Dauberson «Il est là» Fransk N/A
N/A
13
Luxembourg
Michèle Arnaud «Les amants de minuit» Fransk N/A
N/A
14
Italia
Tonina Torrielli «Amami se vuoi» Italiensk N/A
N/A

Vinnarsongen heit opphavleg «Refrains», men den siste bokstaven vart fjerna frå tittelen før Eurovision Song Contest.



Kommentatorar |




  • Belgia – Janine Lambotte (INR) og Nand Baert (NIR)


  • Danmark – Gunnar Hansen (Statsradiofonien TV)


  • Frankrike – Michèle Rebel (RTF)


  • Italia – Bianca Maria Piccinino (Programma Nazionale)


  • Luxembourg – Jacques Navadic (Télé-Luxembourg)


  • Nederland – Piet te Nuyl (NTS)


  • Storbritannia – Wilfred Thomas (BBC Television Service)


  • Sveits – Georges Hardy (TSR)


  • Vest-Tyskland – Wolf Mittler (Deutsches Fernsehen)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «ESC 1956» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 1. februar 2011.


  • eurovision.tv/resultattavle











































Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva