Loreen
- For songen med same namn, sjå Loreen av Saulės Broliai.
Loreen | |
Fødd | 16. oktober 1983 Stockholm |
Instrument | tangentinstrument |
Sjanger | pop, danse-pop, eurodance |
Yrke | songar, skodespelar, komponist, programleiar, musikkprodusent |
Lorine Zineb Noka Talhaoui, kjend som Loreen (fødd 16. oktober 1983), er ein svensk songar og låtskrivar. Ho har tidlegare delteke i Idol, og representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2012, der ho vann med songen «Euphoria».
Innhaldsliste
1 Bakgrunn
2 Eurovision Song Contest 2012
3 Kjelder
4 Fotnotar
5 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn |
Loreen vart fødd i Stockholm i 1983, men flytte seinare til Västerås, der ho voks opp. Begge foreldra hennar er marokkanske. Fyrste gongen Loreen vart kjend som musikar var då ho deltok i den svenske versjonen av Idol i 2004. Der vart ho den siste som vart røysta ut før finalen og enda på fjerdeplass.
Etter Idol var ho ei tid tilsett som programleiar for den svenske kanalen TV400. Dessutan vart ho nytta som røystskodespelar i den svenske dubbinga av Shrek den tredje i 2007 og i Smurfene i 2011.
I 2011 deltok ho i Melodifestivalen med songen «My Heart Is Refusing Me», men slo ikkje gjennom. Den svenske Eurovision-representanten dette året vart i staden Eric Saade.
I Melodifestivalen 2012 forsøkte Loreen på nytt med songen «Euphoria». Denne gongen vann ho tevlinga med 268 poeng, 70 poeng meir enn andreplassen, Danny Saucedo. Ho fekk dermed representere Sverige i Eurovision Song Contest 2012 i Aserbajdsjan.
Eurovision Song Contest 2012 |
Same veka som finalen gjekk av stabelen kom det til «diplomatisk krise» mellom Aserbajdsjan og Sverige etter at Loreen fekk møta menneskerettsforkjemparar i landet. Ei aserbajdsjansk avis skreiv nemleg at den svenske ambassadøren i landet, Mikael Eriksson, skulle ha oppfordra Loreen til å koma med politiske ytringar frå scena. [1] I tillegg var ho nær ved å verte diskvalifisert då ho fekk spørsmål om menneskerettssituasjonen i Aserbajdsjan av di det ikkje er lov å blande inn politikk i Eurovision Song Contest.[2]
Loreen deltok i den andre semifinalen i Baku 24. mai 2012, saman med mellom anna norske Tooji. «Euphoria» var på førehand rekna som ein av dei store favorittane dette året. [3] Både Loreen og Tooji gjekk vidare til finalen.
«Euphoria» vann finalen med 372 poeng, [4] og sette rekord i å få flest tolvpoengarar. «Euphoria» fekk tolv poeng frå heile 18 ulike land. [5]
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Loreen» frå Wikipedia på svensk, den 25. mai 2012.
Fotnotar |
↑ Aftenposten, 24.05.12: Svensk Eurovision-håp skaper diplomatisk krise
↑ Kjendis, 25.05.12: Her var Loreen nær ved å bli disket
↑ NRK, 21.05.12: Tror ikke Sverige innfrir som favoritt
↑ NRK.no, 26.05.12: Sverige vant ESC-finalen
↑ Aftenposten, 27.05.12: Eurovision kom hjem til Sverige
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Loreen
Deltakarar i Melodifestivalen 2012 | |||||
---|---|---|---|---|---|
Semifinale 1 | Sean Banan · Abalone Dots · The Moniker · Afro-Dite · Dead by April · Marie Serneholt · Thorsten Flinck og Revolutionsorkestern · Loreen | ||||
Semifinale 2 | Ulrik Munther · Top Cats · Sonja Aldén · Andreas Lundstedt · Timoteij · David Lindgren · Mimi Oh · Thomas Di Leva | ||||
Semifinale 3 | Youngblood · Maria BenHajji · Mattias Andréasson · Love Generation · Carolina Wallin Pérez · Andreas Johnson · Molly Sandén · Björn Ranelid og Sara Li | ||||
Semifinale 4 | Charlotte Perrelli · OPA! · Dynazty · Lotta Engberg og Christer Sjögren · Hanna Lindblad · Axel Algmark · Lisa Miskovsky · Danny Saucedo | ||||
Andresjansen |
| ||||
Finalen | David Lindgren · Thorsten Flinck og Revolutionsorkestern · Dead by April · Lisa Miskovsky · Top Cats · Loreen · Ulrik Munther · Björn Ranelid og Sara Li · Molly Sandén · Danny Saucedo |
Sverige i Eurovision Song Contest 2012 | |
---|---|
Melodifestivalen 2012 · Loreen · Thomas G:son · Peter Boström · Euphoria |
Deltakarar i Eurovision Song Contest 2012 | |||
---|---|---|---|
Semifinale 1 | Rambo Amadeus · Gréta Salóme og Jónsi · Elefthería Eleftheríou · Anmary · Rona Nishliu · Mandinga · Sinplus · Iris · Pernilla Karlsson · Izabo · Valentina Monetta · Ívi Adámou · Soluna Samay · Buranovskije Babusjki · Compact Disco · Trackshittaz · Pasha Parfeny · Jedward | ||
Semifinale 2 | Željko Joksimović · Kaliopi · Joan Franka · Kurt Calleja · Litesound · Filipa Sousa · Gaitana · Sofi Marinova · Eva Boto · Nina Badrić · Loreen · Anri Jokhadze · Can Bonomo · Ott Lepland · Max Jason Mai · Tooji · Maya Sar · Donny Montell
| ||
Finalen | Engelbert Humperdinck · Compact Disco · Rona Nishliu · Donny Montell · Maya Sar · Buranovskije Babusjki · Gréta Salóme og Jónsi · Ívi Adámou · Anggun · Nina Zilli · Ott Lepland · Tooji · Səbinə Babayeva · Mandinga · Soluna Samay · Elefthería Eleftheríou · Loreen · Can Bonomo · Pastora Soler · Roman Lob · Kurt Calleja · Kaliopi · Jedward · Željko Joksimović · Gaitana · Pasha Parfeny |
Svenske deltakarar i Eurovision Song Contest | |
---|---|
Alice Babs (1958) · Brita Borg (1959) · Siw Malmkvist (1960) · Lill-Babs (1961) · Inger Berggren (1962) · Monica Zetterlund (1963) · Ingvar Wixell (1965) · Lill Lindfors og Svante Thuresson (1966) · Östen Warnerbring (1967) · Claes-Göran Hederström (1968) · Tommy Körberg (1969) · Family Four (1971) · Family Four (1972) · The Nova (1973) · ABBA (1974) · Lars Berghagen og The Dolls (1975) · Forbes (1977) · Björn Skifs (1978) · Ted Gärdestad (1979) · Tomas Ledin (1980) · Björn Skifs (1981) · Chips (1982) · Carola (1983) · Herreys (1984) · Kikki Danielsson (1985) · Monica Törnell og Lasse Holm (1986) · Lotta Engberg (1987) · Tommy Körberg (1988) · Tommy Nilsson (1989) · Edin-Ådahl (1990) · Carola (1991) · Christer Björkman (1992) · Arvingarna (1993) · Marie Bergman og Roger Pontare (1994) · Jan Johansen (1995) · One More Time (1996) · Blond (1997) · Jill Johnson (1998) · Charlotte Nilsson (1999) · Roger Pontare (2000) · Friends (2001) · Afro-dite (2002) · Fame (2003) · Lena Philipsson (2005) · Martin Stenmarck (2006) · Carola (2006) · The Ark (2007) · Charlotte Perrelli (2008) · Malena Ernman (2009) · Anna Bergendahl (2010) · Eric Saade (2011) · Loreen (2012) · Robin Stjernberg (2013) |
Vinnarar av Eurovision Song Contest | |
---|---|
Lys Assia (1956) · Corry Brokken (1957) · André Claveau (1958) · Teddy Scholten (1959) · Jacqueline Boyer (1960) · Jean-Claude Pascal (1961) · Isabelle Aubret (1962) · Grethe Ingemann og Jørgen Ingemann (1963) · Gigliola Cinquetti (1964) · France Gall (1965) · Udo Jurgens (1966) · Sandy Shaw (1967) · Massiel (1968) · Salomé (1969) · Frida Boccara (1969) · Lennie Kuhr (1969) · Lulu (1969) · Dana (1970) · Séverine (1971) · Vicky Leandros (1972) · Anne-Marie David (1973) · ABBA (1974) · Teach-In (1975) · Brotherhood of Man (1976) · Marie Myriam (1977) · Izhar Cohen og Alphabeta (1978) · Milk and Honey og Gali (1979) · Johnny Logan (1980) · Bucks Fizz (1981) · Nicole (1982) · Corinne Hermes (1983) · Herreys (1984) · Bobbysocks (1985) · Sandra Kim (1986) · Johnny Logan (1987) · Céline Dion (1988) · Riva (1989) · Toto Cutugno (1990) · Carola (1991) · Linda Martin (1992) · Niamh Kavanagh (1993) · Paul Harrington og Charlie McGettigan (1994) · Secret Garden (1995) · Eimear Quinn (1996) · Katrina and The Waves (1997) · Dana International (1998) · Charlotte Nilsson (1999) · Olsen Brothers (2000) · Tanel Padar, Dave Benton og 2XL (2001) · Marija Naumova (2002) · Sertab Erener (2003) · Ruslana (2004) · Élena Paparízou (2005) · Lordi (2006) · Marija Šerifović (2007) · Dima Bilan (2008) · Alexander Rybak (2009) · Lena (2010) · Ell & Nikki (2011) · Loreen (2012) · Emmelie de Forest (2013) · Conchita Wurst (2014) · Måns Zelmerlöw (2015) |
Melodi Grand Prix 2013 | |
---|---|
Noreg i Eurovision Song Contest 2013 · Campus Steinkjer · Florø Idrettssenter · Arena Larvik · Oslo Spektrum · Jenny Skavlan · Erik Solbakken · Loreen · Tooji · My Heart Is Refusing Me · Stay |
Eurovision Song Contest 2013 | |
---|---|
Semifinale 1 |
|
Semifinale 2 | |
Finalen | |
Relaterte artiklar | |
Sjå òg malane for land, deltakarar, songar og låtskrivarar. |
|