Landskapsvernområde
Eit landskapsvernområde er eit områdevern, av statleg eller privat grunn, som vert sett i verk med heimel i naturvernlova. Eit landskapsvernområde er den minst strenge forma for områdevern som finst i Noreg, og altså mindre strengt enn naturreservat og nasjonalparkar. Landskapsvernområde omfattar eigenarta natur- eller kulturlandskap og blir mellom anna brukt for å for å ta vare på kulturlandskap i aktiv bruk.
Det blir i nokre tilfelle skilt mellom landskapsvernområde, landskapsvernområde med dyrelivsfreding og landskapsvernområde med plantelivsfreding. Per 1. januar 2006 hadde Noreg 159 landskapsvernområde med eit samla areal på 14 000 km², noko som er 4,4 % av arealet i Noreg.
Landskapsvernområde blir oppretta med heimel i naturvernlova og blir vedtatt i ein kongeleg resolusjon. Fylkesmannen er forvaltningsmynde for dei fleste av verneområda. Det er ikkje tillate å sette i verk tiltak som kan skade eller forringe landskapet i slike område. Jord- og skogbruk kan halde fram som før, men til dels med nokre restriksjonar.
Innhaldsliste
1 Landskapsvernområde i Noreg
2 Sjå også
3 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Landskapsvernområde i Noreg |
Lista er ufullstendig.
Finnmark
Auskarnes, Brannsletta, Garsjøen, Oksevatnet, Sandfjorden, Straumen, Vassbotndalen, Stabbursdalen, Øvre Pasvik
Troms
Ráisduottarháldi, Skipsfjord, Store Risøya, Laugen, Prestvatn
Nordland
Eikefjelldalen, Gåsvatnan, Saltfjellet, Austre Tiplingan, Møysalen, Borgværet, Hysvær/Søla, Måstadfjellet, Røstøyan, Svellingsflaket, Åsvær, Favnvassdalen, Strandå/Os, Glomådeltaet, Østerdalen, Kvikkleirøyran, Sandværet, Øya/Langholmen
Nord-Trøndelag
Kjenstad, Skjækra
Sør-Trøndelag
Hjerkinn/Kongsvoll/Drivdalen, Austråttlunden, Været, Gaulosen, Nedre Hassel, Trollheimen, Budalen, Endalen, Forddalen, Øyungen, Knutshø, Åmotan-Grøvudalen, Åmotsdalen, Langtjønna, Froan, Hosensand, Ledalen, Kvitsanden, Vinstradalen
Møre og Romsdal
Hestad, Innerdalen, Trollheimen, Dalsida, Eikesdalsvatnet, Åmotan-Grøvudalen, Raudøya, Trollstigen landskapsvernområde, Romsdalen landskapsvernområde[1]
Sogn og Fjordane
Veøy, Vingen, Utladalen, Stølsheimen, Nærøyfjorden, Ålfotbreen, Naustdal-Gjengedal
Hordaland
Skaupsjøen/Hardangerjøkulen, Berge, Sævareidberget, Stølsheimen, Fjøsanger,
Nærøyfjorden, Fedjemyrane, Brandvik, Gjuvslandslia, Ølveshovda, Rambjøra, Bondhusdalen, Ænesdalen, Hattebergsdalen, Buerdalen
Rogaland
Lyngaland, Urådalen, Lusaheia, Vormedalsheia, Synesvarden, Førland/Sletthei, Jærstrendene, Frafjordheiane, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Søndre Frøyland, Synesvarden,
Dyraheio, Kvanndalen
Vest-Agder
Havnehagen, Kalkheia, Listastrendene, Hanangervann og Kråkenesvann, Frafjordheiane, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane
Aust-Agder
Hovden, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Kalvøya - Ytre Tronderøya , Raet, Hasseltangen, Auesøya, Raet (Tromlingene)
Telemark
Jomfruland, Møsvatn Austfjell, Dammane, Skrimfjella, Stråholmen, Brattefjell - Vindeggen, Møsvatn Austfjell - Hondle, Møsvasstangen
Vestfold
Øvre Rød, Ormø - Færder, Bokemoa, Fritzøehus, Larvik bøkeskog, Storemyr - Fagerbakken , Bastøy
Buskerud
Tranby, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen, Biliåsen, Indre Vassfaret, Vassfaret og Vidalen, Ultvedt, Hydalen, Fødalen, Djupdalen, Skrimfjella
Oppland
Hjerkinn/Kongsvoll/Drivdalen, Birisjølia, Østhagan, Indre Vassfaret, Vassfaret og Vidalen, Dalsida, Fokstugu, Jora, Knutshø, Dørålen, Frydalen, Grimsdalen, Vesle Hjerkinn
Hedmark
Hodalen, Londalen-Ørvilldalen, Magnilldalen-Busjødalen, Vangrøftdalen-Kjurrudalen, Knutshø, Femundslia, Dørålen, Grimsdalen
Oslo
Maridalen, Blankvann
Akershus
Kolsås/Dælivann, Semsvannet, Aurmoen, Elstad, Nordbytjern, Djupdalen, Romerike
Østfold
Valbrekke, Søndre Jeløy, Rokke, Eldøya-Sletter
Sjå også |
- Områdevern
- Verneområde i Noreg
Referansar |
↑ Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 2. Vern av Romsdalen landskapsvernområde http://www.lovdata.no/for/lf/mv/mv-20061124-1303.html
Bakgrunnsstoff |
- Naturvernlova på Lovdata