Ott Lepland
Ott Lepland | |
Fødd | 17. mai 1987 Tallinn |
Ott Lepland på Commons |
Ott Lepland (fødd 17. mai 1987) er ein estisk songar.
Ott Lepland vart kjend som barnestjerne i Estland. I 1995 og 1996 gav han ut fire plater med barnesongar på.
I 2009 vann Ott Lepland Eesti otsib superstaari - «Estland søkjer ei superstjerne», ein estisk variant av Idol. Etter dette gav han ut eit nytt album i 2010, og endå eitt i 2011.
Innhaldsliste
1 Eesti laul
2 Eurovision Song Contest 2012
3 Diskografi
4 Kjelder
Eesti laul |
Den 3. mars 2012 vann Ott Lepland EESTI LAUL, estisk Melodi Grand Prix, med balladen «Kuula» - Lytt, høyr etter. Songen er skriven av Lepland og lyrikaren Aapo Ilves. Han var ein av to songar som kom til den estiske superfinalen. Den andre songen var «Mina jään» av Lenna Kuurmaa. «Kuula» vann med 67 % av røystene i Estland, og Ott Lepland fekk difor representera Estland i Eurovision Song Contest 2012 i Baku.
Eurovision Song Contest 2012 |
Ott Lepland deltok i den andre semifinalen i Baku den 24. mai 2012 med «Kuula». Songen gjekk vidare til finalen, der han enda på ein sjetteplass med 120 poeng.
Diskografi |
Oti jõululaulud (1995)- Oti suvelaulud (1996)
Ott ja valged jänesed (1996)
Ott ja sõbrad (1996)
Ott Lepland (2010)
Laulan ma sind (2011)
Kjelder |
- Denne artikkelen byggjer på Ott Lepland frå Estisk Wikipedia, henta inn 7. mars 2012.
- Denne artikkelen byggjer på Ott Lepland frå Engelsk Wikipedia, henta inn 7. mars 2012.
- Poengsummen er henta frå eurovision.tv den 27. mai 2012.
EuroEstonia.svg EESTI LAUL 2012 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Semifinale 1 |
| ||||||||||||
Semifinale 2 |
| ||||||||||||
Finalen |
|
Deltakarar i Eurovision Song Contest 2012 | |||
---|---|---|---|
Semifinale 1 | Rambo Amadeus · Gréta Salóme og Jónsi · Elefthería Eleftheríou · Anmary · Rona Nishliu · Mandinga · Sinplus · Iris · Pernilla Karlsson · Izabo · Valentina Monetta · Ívi Adámou · Soluna Samay · Buranovskije Babusjki · Compact Disco · Trackshittaz · Pasha Parfeny · Jedward | ||
Semifinale 2 | Željko Joksimović · Kaliopi · Joan Franka · Kurt Calleja · Litesound · Filipa Sousa · Gaitana · Sofi Marinova · Eva Boto · Nina Badrić · Loreen · Anri Jokhadze · Can Bonomo · Ott Lepland · Max Jason Mai · Tooji · Maya Sar · Donny Montell
| ||
Finalen | Engelbert Humperdinck · Compact Disco · Rona Nishliu · Donny Montell · Maya Sar · Buranovskije Babusjki · Gréta Salóme og Jónsi · Ívi Adámou · Anggun · Nina Zilli · Ott Lepland · Tooji · Səbinə Babayeva · Mandinga · Soluna Samay · Elefthería Eleftheríou · Loreen · Can Bonomo · Pastora Soler · Roman Lob · Kurt Calleja · Kaliopi · Jedward · Željko Joksimović · Gaitana · Pasha Parfeny |
|