16. januar




16. januar er den 16. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 349 dagar att av året (350 under skotår).




Innhaldsliste






  • 1 Merkedag


    • 1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar


    • 1.2 Religiøs helgedag


    • 1.3 Namnedag




  • 2 Hendingar


    • 2.1 Utlandet


    • 2.2 Noreg




  • 3 Fødde


  • 4 Døde





Merkedag |





Pave Marcellus I har festdag 16. januar i den katolske kyrkja.



Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |



Religiøs helgedag |



Bevegelege heilagdagar som fell på 16. januar i 2019:




















  • Pave Marcellus I sin festdag i den katolske kyrkja


Namnedag |















Noreg
Hjalmar og Hilmar
Sverige
Hjalmar og Helmer
Danmark
Marcellus


Hendingar |




Måleri av Karl I og Filip II av Spania.



Utlandet |




  • 27 fvt: Det romerske senatet gav Octavian (seinare kjend som keisar Augustus) titlane augustus og princeps.


  • 1362: Ei stor tidevassbølge i Nordsjøen øydela den tyske øya Strand og byen Rungholt.


  • 1547: Ivan den grusomme blei tsar i Russland.


  • 1556: Filip II blei konge av Spania etter at Karl I (Karl V av Det tysk-romerske riket) hadde abdisert.


  • 1581: Det engelske parlamentet gjorde det ulovleg å vera katolikk.


  • 1761: Storbritannia tok den indiske kolonien Pondicherry (no Puducherry) frå Frankrike.


  • 1795: Frankrike erobra Utrecht i Nederland.


  • 1909: Ein ekspedisjon hevda at dei hadde funne den magnetiske Sørpolen.


  • 1910: Fjellet Dent d'Hérens på grensa mellom Italia og Sveits vart klatra for første gong.


  • 1979: Den iranske revolusjonen. Sjah Mohammed Reza Pahlevi og dronning Farah flykta til Egypt


  • 1991: Golfkrigen. «Operation Desert Storm» tok til.


  • 1992: Regjeringa og opprørsleiarar i El Salvador skreiv under på ein fredsavtale som gjorde slutt på den 12 år lange borgarkrigen i landet.


  • 2005: Stjepan Mesić vart gjenvald som president i Kroatia.



Noreg |



  • 1647: Det vart oppretta faste postruter i Noreg.


Fødde |





Dorothe Engelbretsdatter i tittelstikket til verket sitt Taare-Offer (1685).


Sjå òg Fødde den 16. januar.


  • 1634: Dorothe Engelbretsdotter, norsk forfattar

  • 1901: Fulgencio Batista, cubansk president

  • 1915: Aase Bjerkholt, norsk politikar

  • 1923: Martin Stokken, norsk idrettsutøvar

  • 1931: Johannes Rau, tysk president

  • 1933: Susan Sontag, amerikansk forfattar, skribent og feminist

  • 1946: Kabir Bedi, indisk skodespelar

  • 1948: Gregor Gysi, tysk politikar

  • 1955: Geir Sverre Braut, norsk lege og byråkrat

  • 1961: Kenneth Sivertsen, norsk musikar

  • 1961: Jan Atle Stang, norsk redaktør

  • 1962: Bjørn Ingvaldsen, norsk forfattar

  • 1979: Aaliyah, amerikansk musikar



Døde |





Arnold Böcklin:Sjølvportrett med felespelande død, 1872


Sjå òg Døde den 16. januar.


  • 1806: William Pitt den yngre, britisk statsleiar

  • 1842: Thomas Fearnley, norsk målar

  • 1886: Amilcare Ponchielli, italiensk toneskapar

  • 1891: Léo Delibes, fransk komponist

  • 1901: Arnold Böcklin, sveitsisk målar

  • 1957: Arturo Toscanini, italiensk orkesterleiar

  • 1963: Magnus Olsen, norsk språkforskar

  • 1984: Kenneth Arnold, amerikansk pilot

  • 1957: Arturo Toscanini, italiensk dirigent

  • 2001: Laurent-Désiré Kabila, kongolesisk president








Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva