Simusjir




Koordinatar: 47°N 152°E




Simusjir sett frå verdsrommet, NASA.


Simusjir (russisk Симушир, japansk 新知島) er ei vulkansk øy i Kurilane i Russland


Ei rekkje vulkanar (opp til 1539 moh) dannar øya, som er 59 km lang og 12 km brei med eit areal på 227,6 km². Ein kaldera på 7,5 km i diameter ligg nordaust på øya og delvis under vatn. Midt på øya ligg Prevotoppen og i sørvest ligg Zavaritskij kaldera med tre kalderaer inni kvarandre.


Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.



Historie |


Den russiske sjøfararen Gerasim Izmailov var stranda på Simusjir tidleg i 1770-åra. Han var her eit heilt år og levde av «musling, gras og røter».


Ainufolket og aleutarar busette seg på Simusjir på 1800-talet.


Nordaust på øya ligg Broutonbukta som den sovjetiske marinen nytta som ein hemmeleg ubåtbase mellom 1987 og 1994. Restane av basen kan ein sjå tydeleg på satellittbileta. I dag er ikkje øya busett og fleire sovjetiske landsbyar, som Kraternyj er forlatne.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Global Volcanism Program


  • Simusjir ubåtbase




Bakgrunnsstoff |


  • Sakhalin oblast








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon