1913












< 1913 >




1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915






  • Vitskap i 1913















1913 (romartal MCMXIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen.




Filmplakat for Fantômas, ein fransk film frå 1913.




Slaget ved Kilkis under Den andre balkankrigen.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Hendingar |



Utlandet |



  • 1. januar: British Board of Film Censors byrja arbeidet sitt med å klassifisera og sensurera filmar.

  • 13. januar: Militsgruppa Ulster Volunteer Force blei formelt skipa som ein reaksjon mot arbeidet for irsk sjølvstyre.

  • 1. februar: Grand Central Terminal i New York opna etter ombygging som verdas største jernabanestasjon.

  • 22. februar: Den meksikanske revolusjonen. President Francisco I. Madero og visepresident José María Pino Suárez blei drepne i eit attentat. General Victoriano Huerta tok over som leiar.

  • 4. mars: Woodrow Wilson blei ny president i USA etter William Howard Taft.

  • 18. mars: Kong Georg I av Hellas vart skoten av ein makedonsk anarkist i eit attentat i Saloniki. Sonen Konstantin vart ny konge.

  • 3. mai: Premieren til Raja Harishchandra, den første indiske langfilmen, markerte byrjinga på indisk filmindustri.

  • 29. mai: Vårofferet av Igor Stravinskij hadde premiere ved Théâtre des Champs-Élysées i Paris. Det modernistiske stykket forårsaka opptøyar.

  • 30. mai: Den første balkankrigen blei avslutta då ein fredsavtale vart underteikna i London.

  • 1. juni: Hellas og Serbia inngjekk ein allianse som skulle vara ved til 1924. Alliansen la grunnen for Den andre balkankrigen.

  • 24. juni: Joseph Cook blei statsminister i Australia.

  • 29. juni: Den andre balkankrigen braut ut då Bulgaria gjekk til åtak på sine tidlegare allierte Serbia og Hellas.

  • 4. juni: Røysterett for kvinner. Emily Davison, ei britisk suffragette, sprang ut framfor kongen sin hest under Epsom Derby. Ho døydde av skadane 4 dagar seinare.

  • 10. august: Makedonia blei delt som følgje av Den andre balkankrigen.

  • 13. august: Harry Brearley i Sheffield fann opp rustfritt stål.




Det første kryssordet.



  • 23. august: Den lille havfrue-statuen blei avduka i København i Danmark.

  • 14. oktober: Ein eksplosjon ved Universal Colliery i Senghenydd i Sør-Wales drap 439 gruvearbeidarar.

  • 31. oktober: Lincoln Highway, den første bilvegen gjennom heile USA, blei formelt opna.

  • 6. november: Mohandas Gandhi blei arrestert då han leia ein marsj av indiske gruvearbeidarar i Sør-Afrika.

  • 21. desember: Arthur Wynne publiserte eit «word-cross», det første kryssordet, i New York World.

  • 30. desember: Italia sende Mona Lisa tilbake til Frankrike. Måleriet var blitt stole to år tidlegare av Vincenzo Perugia, ein italiensk nasjonalist.


  • Ny jordlov i Sør-Afrika (Natives Land Act) reserverte ca. 80 % av jorda til kvite.


Noreg |




  • De Conservative Foreningers Centralstyre endra namn til Høire.


  • Røysterett for kvinner. Kvinner over 25 år fekk alminneleg stemmerett.


  • 25. oktober - Stavanger Norsk Bibliotekforening blir stifta.


SSB samla mellom anna fylgjande fakta for 1913:[1]



  • Folketalet i Noreg var 2 435 178.

  • 61 294 born vart fødd.

  • 6,4 prosent av nyfødde døydde før dei fylte eit år.

  • Eit nyfødd guteborn kunne forvente å bli 56 år, ei nyfødd jente 60 år.

  • Dei mest populære namna på nyfødde var Anna, Solveig, Astrid og Gudrun for jenter og Arne, Olav, Einar og Johan for gutar.

  • Det var 15 262 par som gifta seg, og 501 par som skilde seg.

  • Snitthøgda for rekruttar var 171,4 cm.

  • Det var ca. 1 500 studentar ved Kristiania universitet.

  • Eit kilo geitost kosta 1,56 kroner, og eit kilo potetmjøl kosta 0,47 kroner.



Fødde |




Statsleiarane Willy Brandt, til venstre, og Richard Nixon vart begge fødde i 1913


Sjå òg Fødde i 1913.



  • 9. januar: Richard Nixon, USA-amerikansk president


  • 10. januar: Gustav Husák, tsjekkoslovakisk president


  • 31. januar: Margit Johnsen, norsk krigshelt


  • 4. februar: Rosa Parks, amerikansk borgarrettsforkjempar


  • 26. mars: Paul Erdős, ungersk matematikar


  • 3. april: Per Borten, norsk statsminister


  • 4. april: Muddy Waters, USA-amerikansk musikar


  • 18. mai: Neelam Sanjiva Reddy, indisk president

    • Charles Trenet, fransk visesongar



  • 12. juni: Helge Sivertsen, norsk politikar og idrettsutøvar


  • 10. august: Wolfgang Paul, tysk fysikar og nobelprisvinnar


  • 16. august: Menachem Begin, israelsk statminister


  • 18. oktober: Arne Skouen, norsk filmskapar og forfattar


  • 7. november: Albert Camus, fransk forfattar


  • 11. november: Sonja Wigert, norsk-svensk skodespelar


  • 22. november: Benjamin Britten, britisk toneskapar


  • 18. desember: Willy Brandt, tysk statsminister



Døde |




Grava over Alfred Russel Wallace i Broadstone i Dorset vart restaurert i 2001


Sjå òg Døde i 1913.



  • 3. januar: Hjalmar Johansen, norsk oppdagar


  • 7. januar: Wilhelm Sorteberg, norsk spelemann


  • 22. februar: Ferdinand de Saussure, sveitsisk språkgranskar


  • 10. mars: Harriet Tubman, USA-amerikansk slavefrigjerar


  • 18. mars: August Bebel, tysk politikar


  • 22. juni: Rasmus Steinsvik, norsk journalist


  • 30. september: Rudolf Diesel, tysk ingeniør, fann opp dieselmotoren


  • 7. november: Alfred Russel Wallace, britisk naturgranskar


  • 13. desember: Birger Kildal, norsk politikar



Referansar |




  1. http://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/statistisk-aarbok-for-kongeriket-norge-1914 SSB.NO



Bakgrunnsstoff |



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon