Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken
Հայկական Սովետական Սոցիալիստական Հանրապետություն Армянская Советская Социалистическая Республика Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto "Պրոլետարներ բոլոր երկրների, միացե'ք!" («Proletarar i alle land, samein dykk!») | |||||
Nasjonalsong Nasjonalsongen til den armenske sosialistiske sovjetrepublikken | |||||
Hovudstad | Jerevan | ||||
Språk | Armensk og Russisk | ||||
Styreform | Sovjetrepublikk | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1920 | ||||
- Opphøyrde | 21. september 1991 | ||||
Areal | |||||
- 1989 | 29 800 km² | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1989 est. | 3 287 700 | ||||
Folketettleik | 110,3 /km² | ||||
Valuta | Rubel (SUR) |
Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken eller Armensk SSR var ein sovjetrepublikk i Sovjetunionen.
Innhaldsliste
1 Før sovjettida
2 Sovjetrepublikk
3 Nytt sjølvstende
4 Kjelder
4.1 Fotnotar
Før sovjettida |
Armenia var ein del av det russiske keisardømet frå 1828-1917, men etter Oktoberrevolusjonen i 1917 proklamerte Armenia, Georgia og Aserbajdsjan seg som sjølvstendige republikkar. [1] Tilhøvet mellom Armenia og Tyrkia hadde lenge vore konfliktfylt. Men då Tyrkia gjekk til åtak i september 1920, vart dei møtt av russiske kommunistar som tok kontrollen over Armenia og proklamerte det som sovjetrepublikk. Tyrkia og Armenia forhandla fram ein fredsavtale i 1921, men sjølvstendet for armenarane var no over.
Sovjetrepublikk |
Frå 1922 vart Armenia ein del av den transkaukasiske sosialistiske sovjetrepublikken. Denne vart oppløyst i 1936 og delt inn i den armenske, den aserbajdsjanske og den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i 1936. Armensk SSR fekk no utbetra infrastruktur, utdanningssystem og industri som fylgje av statushevinga. Men som fylgje av at jordbruket skulle gjerast kollektivt, vart fleire tusen armenske bønder deportert frå 1930-åra og utover. Armensk SSR vart aldri okkupert under andre verdskrigen.
Nytt sjølvstende |
Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken tok slutt hausten 1991. Sovjetrepublikken hadde allereie i 1990 fått vald ein ikkje-kommunistisk president, Levon Ter-Petrosjan. Den 21. september heldt landet folkeavstemning om sjølvstende. 95 % av armenarane deltok, og 94 % av røystene svara ja til sjølvstende. Landet erklærte seg sjølv som sjølvstendig republikk den 23. september. Levon Ter-Petrosjan vart innvalt på nytt i oktober.
Kjelder |
«Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken» i Store norske leksikon, snl.no. av Alf Schønhardt, Trond Smith-Meyer og Gunnar Filseth. Henta inn 26. august 2012.
Fotnotar |
↑ Engelsk Wikipedia: Armenian Soviet Socialist Republic
|