Osøyro













































Osøyro

Osøyri

tettstad

Osøyro III.jpg

Osøyro
Foto: Jan-Tore Egge


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Os

Areal
9 km²

Folketal
13 601 (2017)
Folketettleik

1 511 / km²



Postnummer
5200 OS


Wikimedia Commons: Osøyro, Os


Osøyro eller Osøyri er ein tettstad og administrasjonssenteret i Os kommune i Hordaland. Tettstaden har 6 251 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg på søraustsida av Bergenshalvøya ved Fusafjorden, med sentrum ved munningen av Oselvo. Han strekker seg langs fjorden sørover til Haljem og femner frå 2013 også den tidlegare sjølvstendige tettstaden Hagavik, som låg omkring Skeisosen i vest.


Osøyro har verkstad- og trevareindustri, fylkeskommunal vidaregåande skule og fjordhotell. I Hagavik ligg Kysthospitalet i Hagevik (KiH), eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi.


Europaveg 39 og fylkesveg 552 går gjennom Osøyro. Frå 1894 til 1935 gjekk det eit 26 kilometer langt, privat og smalspora jarnbanesamband (750 mm) frå Osøyro til Nesttun stasjon på Vossebanen (Nesttun-Osbanen), i korrespondanse med lokaltog til Bergen og Voss.


Namnet Osøyro kjem av namnet på garden Os, og av dét at garden Osøyro ligg på ei slette ved utlaupet (osen) av Oselvo.



Bilete frå Osøyro |




Kjelder |



  • «Osøyro» i Store norske leksikon, snl.no.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon