Fredrik IX av Danmark




























































Fredrik IX
Frederick IX of Denmark.jpg

Konge av Danmark
Regjeringstid
20. april 1947
Fødd
11. mars 1899
Fødestad Sorgenfri slott
Død
14. januar 1972 (72 år)
Dødsstad Copenhagen Municipal Hospital
Gravstad Roskilde domkyrkje
Føregangar Kristian X av Danmark
Etterfølgjar Margrethe II av Danmark
Gift med Ingrid
Dynasti Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
Far Kristian X av Danmark
Mor Alexandrine av Danmark
Born
Margrethe II (1940–)
Benedikte (1944–)
Anne-Marie (1946–)

Frederik IX (11. mars 1899–14. januar 1972) var eldste son av kong Christian X av Danmark og dronning Alexandrine av Danmark. Han var konge av Danmark frå 1947 til 1972.


I 1922 trulova kronprinsen seg med den greske prinsessa Olga, men trulovinga blei heva etter berre nokre månader. 24. mai 1935 gifta han sig i Storkyrkan i Stockholm med prinsesse Ingrid, dotter av kronprins Gustav Adolf og kronprinsesse Margaretha.


Den 16. april 1940, sju dagar etter at landet var blitt okkupert av tyske styrkar, fekk kronprinsparet sitt først barn, Margrethe. Den vesle prinsessa blei sett på som eit lyspunkt i ei mørk tid. Under krigen kunne københavnarane ofte sjå kronprinsparet trilla rundt i hovudstaden med barnevogn eller sykkel. Etter kvart fekk dei prinsesse Benedikte den
29. april 1944 og prinsesse Anne-Marie den 30. august 1946.


Til forskjell frå tidlegare kongar valde Frederik IX å gjera karriere i marinen framfor hæren, og i 1945 blei han utnemnd til kontreadmiral. Han elska livet på sjøen, og som ein ekte sjømann hadde han òg tatoveringar. Han og dronning Ingrid vitja nær sagt kvar hamn i Danmark med kongeskipet «Dannebrog», og drog òg til Grønland og Færøyane.


Frederik IX hadde òg ein stor lidenskap for musikk. Han var dirigent for fleire danske og utanlandske orkester, og skal òg ha vore ein dyktig musikar.
Han var også glad i å jakta, og heldt mange samlingar ved jakthytta si i Trend.


Kongen døydde den 14. januar 1972 etter kort tids sjukdom, og blei gravlagd i Roskilde domkyrkje. Med sitt varme og folkelege vesen hadde kongen redusert avstanden mellom kongefamilien og det danske folket.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon