West Burra
West Burra | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 7,43 km²
|
Høgaste punkt | 217 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane |
Største busetnad | Hamnavoe
|
Demografi | |
Folketal | 753 (2001) |
Folketettleik | 101 /km² |
West Burra er ei av Scalloway Islands i Shetlandsøyane i Skottland. Ho har brusamband til East Burra. Med eit areal på 7,43 km² er ho den ellevte største av Shetlandsøyane.
Innhaldsliste
1 Geografi
1.1 Busetnader
2 Historie
3 Kjelder
Geografi |
Den sørvendte sandstranda ved Meal er ein populær badeplass. Ved sørenden av West Burra ligg Kettla Ness med imponerande klipper. Ho er landfast til West Burra via ein grus- og sandtombolo.
West Burra er landfast med Shetland Mainland via Trondra og ei rekkje bruer.
Busetnader |
Hamnavoe er den største busetnaden på øya. Ein annan busetnad er Bridge End, kalla opp etter staden der brua går til East Burra.
Historie |
Namnet Papil sør på West Burra er ein norrøn referanse til papar, irske munkar. Ein har funne restar av ei gammal kyrkje samt ein runestein som i dag står på Shetland Museum[1].
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «West Burra» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.
Shetlandsøyane | ||
---|---|---|
Busette øyar | Mainland · Bressay · East Burra · Fair Isle · Fetlar · Foula · Muckle Roe · North Isles · Out Skerries · Papa Stour · Trondra · Unst · Vaila · West Burra · Whalsay · Yell | |
Andre øyar | Balta · Bigga · Brother Isle · Colsay · Hascosay · Hildasay · Lamba · Linga ved Muckle Roe · Linga ved Yell · Mousa · Noss · Oxna · Papa · Papa Little · Samphrey · South Havra · Uyea ved Northmavine · Uyea ved Unst · Vementry · West Linga · Øyar i Shetlandsøyane | |
Byar og landsbyar | Lerwick · Aith · Baltasound · Brae · Grutness · Gutcher · Haroldswick · Mossbank · Scalloway · Symbister · Toft · Ulsta · Uyeasound · Vidlin · Walls | |
Sjøområde | Balta Sound · Bluemull Sound · Burra Voe · Busta Voe · Sullom Voe · West Voe of Sumburgh · Yell Sound | |
Geografiske ytterpunkt (N,S,A,V) | Out Stack · The Skerry, utanfor Fair Isle · Bound Skerry · Waster Hoevda, Foula |