Investiturstriden






Ein mellomalderkonge set inn ein biskop med symbola bispedømet hans. Av Philip Van Ness Myers, 1905


Investiturstriden[1] var den viktigaste konflikta mellom kyrkje og stat i mellomalderens Europa. På 1000- og 1100-talet utfordra ei rekkje pavar den kontrollen som europeiske monarki (inkludert keisaren av Det tysk-romerske riket) hadde over innsetjinga av personar i kyrkjelege embete, til dømes biskopar og abbedar. Sjølv om striden primært starta i 1075 (mellom pave Gregor VII og keisar Henrik IV), var det også ein kort, men signifikant, strid mellom kong Henrik I av England of pave Paschalis II, i åra 1103 til 1107,[2] samstundes som saka også spelte ei mindre rolle i konflikten mellom kyrkja og staten i Frankrike. Striden vart løyst ved Wormskonkordatet i 1122, der keisaren fekk behalde ei grad av kontroll over valet, medan paven i siste instans sette personen inn som biskop. Avtalen vart stadfesta året etter, av det fyrste Laterankonsilet. Ordet 'investitur' viser til den symbolske høgtidlege innsetjinga av en person i eit kyrkjeleg embete, der kandidaten (t.d. ein biskop) får overgjeve (eng. is invested with) symbola for embetet sitt (td. bispering og bispestav). Ordet kjem av det latinske investio som tyder ‘å kle/dekkje.’


Fordi denne striden undergravde keisarmakta, førte konflikten til nærast 50 år med tysk borgarkrig, som førte til at dei store fyrstane og abbedane i Tyskland gjekk av med sigeren, før keisarmakta igjen vart etablert under Hohenstaufen-huset.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Investiturstrida


  • 3 Wormskonkordatet og dets signifikans


  • 4 Noter


  • 5 Bibliografi


  • 6 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


Etter romarrikets fall, og før investiturstriden, vart kyrkjeleg investitur i praksis utført av (religiøse) adelsmenn, sjølv om retten teoretisk sett høyrte til kyrkja.[3]


Sidan ei vesentleg menge rikdom og land vablegvis høyrde med eit abbeds- eller bispeembete, var sal av kyrkjelege embete (ein praksis kjent som simoni) ei viktig inntektskjelde for adelege leiarar, som sjølv eige landområda, og som (veldedeleg) tillét at ein bygde kyrkjer. Sidan biskopar og abbedar sjølv var ein del av den styrande adelen, ofte på grunn av sine administrative evner og/eller slektskap (dei yngre/yngste i syskenflokken vart ofte sett inn som biskopar), var det ofte fordelaktig for ein herkar eller ein adelsmann å utnemne (eller selje embetet til) nokon som ville vere lojale, då prestar som ikkje var ein del av adelen ikkje arva (eller tene) stor rikdom, og difor kunne verta påverka av lystnad og makt.[4]


Mot slutten av 1000-talet og på byrjinga av 1100-talet vart det kristne vesten meir og meir samlat under pavedømet, samstundes som samfunnsstrukturen i Europa vart stadig meir fragmentert og desentralisert. Dermed fekk ein eit behov for ei meir einskapleg kyrkje som i større grad var avsondra frå samfunnet. Dette behovet kom mellom anna til uttrykk gjennom ei reformrørsle med utgangspunkt i klosteret Cluny i Burgund.


I 1046 sette keisar Henrik III inn ein pave som gjekk ut frå den tyske reformrørsla. Dermed fekk ein ei reformrørsle med utgangspunkt i Roma, som tok sikte på å effektivisere og sentralisere kyrkja, og å skilje den meir ut frå det verdslege samfunnet. Reformatorane ville fjerne all sekulær (dvs. keisarleg) kontroll over kyrkjelege innsetjingar, men dette var ikkje mogeleg så lenge keisaren hevda å ha rett til å setje inn paven. Dei ville difor ta denne kontrollen frå keisaren. Eit høve kom i 1056 då Henrik IV vart tyske konge som seksåring. Reformatorene handla raskt, medan keisaren framleis var eit barn. I 1059, ved den pavelege bulla In Nomine Domini, stadfesta dei at adelen ikkje skulle del i pavelege utnemningar og dei sette inn kardinalkollegiet som eit valorgan som utelukkande bestod av kyrkjelege embetsmenn. Når Rom hadde kontroll over pavevalet var dei klare til å ta fatt i sekulær investitur og til å gå til åttak på simoni-praksisen.



Investiturstrida |


Paven som skulle få verta mest viktig i investiturstrida, var pave Gregor VII. I 1075, i Dictatus Papae,[5][6] kom han med ei lovsamling, der ein av desse hevda at berre paven kunne avsetje ein keisar.[7] Ein hevda at Romarkyrkja vart fundert av Gud åleine - at pavemakta var den einaste universelle makta. Eit konsil i Laterankyrkja (frå 24.-28. februar d.å.)[8] slo fast at det berre var paven som kunne utnemne og avsetje personar i kyrkjelege embete, eller flytte dei frå sete til sete. Ein kom altså med eit særs radikalt krav: At kun geistlege mynder kunne utnemne folk til geistlege posisjonar. Denne praksisen kolliderte mellom anna med det ottonske system i Tyskland. Her hadde keisaren full kontroll med bispeinnsetjingar, ved at dei også var hans vasallar. Dei hadde store len, fungerte som lokale ombudsmenn – og spelte ei rolle i sentraladministrasjonen. Dei hadde også ein viktig funksjon ved at dei utgjorde ein stor del av keisarens hær. Det var viktig for keisaren å halda på utnemningskontrollen. Dei verdslege vasallane hadde han nemleg langt mindre kontroll på, då deira makt gjekk i arv.


No var ikkje Henrik IV lenger eit barn. Han heldt fram med å utnemne sine eigne biskopar[9] og han reagerte på konsilets stadfesting ved å sende Gregor VII eit brev der han trekte tilbake all militær støtte. Brevet starta slik: «Henry, king not through usurpation but through the holy ordination of God, to Hildebrand, at present not pope but false monk».[10] Han hevda pave Gregor VII som avsett, og hevda at ein måtte velje ny pave. Brevet slutta slik: «I, Henry, king by the grace of God, with all of my Bishops, say to you, come down, come down, and be damned throughout the ages.»[11]


Situasjonen vart endå meir akutt då Henrik IV setje inn sin kapellan, Tedald, ein prest frå Milano, som Biskop av Milano, sjølv om ein annan prest, Atto, allereie var utvalt av paven i Roma.[12] I 1076 svara pave Gregor VII med å ekskommunisere keisaren (dvs. setja han i bann), noko som fekk store konsekvensar. Han vart fjerna frå alle kyrkjelege embete, og vart avsett som tysk konge.[13] Det var ikkje utelukkande lett å handheve dette, men pave Gregor VII hadde ein fordel: dei tyske fyrstane og aristokratane tok velviljug imot dette, og hevda religiøse grunnar til å halde fram det opprøret som starta ved det fyrste slaget ved Langensalza i 1075, og til å ta til seg kongelege beholdningar. Aristokratar hevda lokalt herredøme over bønder og eigedomar, dei bygde fort (noko som før hadde vore ulovleg), og dei bygde opp lokale len for å sikra si sjølvstende frå riket.[14]


Henrik IV hadde difor ikkje noko val. Han måtte ha tid til å kjempe mot opprøret. I 1077 reiste han til Canossa i Nord-Italia for å møte paven, og for personleg å be om forlating. Som bor for syndene sine (og sett i lys av han eigen straff av saksarane etter det fyrste slaget ved Langensalza) bar han ei hårskjorte og stod berføtt i snøen midtvinters i det som seinare har fått namnet canossagangen. Gregor fjerna ekskommunikasjonen, men dei tyske aristokratane ville ikkje gje opp. Dei valt ein ny konge, Rudolf von Rheinfeld.


Henrik IV proklamerte då antipaven Klement III som pave. I 1081 vart Rudolf fanga og drepen av Henrik IV, and same året invaderte Henrik IV Roma med intensjon om å avsetje pave Gregor VII og setje inn ein meir venleg innstilt pave. Pave Gregor VII påkalla sine allierte Normannarar i Sør-Italia, og dei redda han frå tyskarane i 1085. I prosessen plyndra normannarene Roma, og når innbyggjarane i Roma reiste seg mot Gregor vart han tvinga til å flykte sørover med normannarene. Han døydde kort tid etter.


Investiturstrida heldt fram i fleire tiår, då kvar nye pave prøvde å redusere keisarmakta ved å hisse opp den tyske opprørsstemninga. Dsse opprøra var gradvis vellukka. Etter sin død i 1106 vart Henrik IV etterfylgt av son sin, Henrik V, som hadde gjort opprør mot far sin, i pavedømets favør, og som hadde fått far sin til å avsverga legaliteteb til antipavane sine før han døydde. Henrik V valte også ein antipave til, Gregory VIII, men han gav avkall på ein del investiturrettar på Wormskonkordatet i 1122. Han vart difor teke tilbake i kyrkja, og vart anerkjent som den legitime keisaren.



Wormskonkordatet og dets signifikans |


Investiturstriden kulminerte på det europeiske kontinentet, etter 50 år med kampar, ved Wormskonkordatet i 1122. Der vart det bestemt at dei geistlege skulle ha det siste ordet i kyrkjelege utnemningar. Keisaren skulle likevel få ei viktig, men uoffisiell, rolle i prosessen. Han var til stades (som folkets fremste representant), og skulle avgjere valet dersom valkollegiet ikkje vart einige. Keisaren skulle ta seg av den verdslege delen av seremonien, som gjorde biskopane til vasallar, medan kyrkja skulle overrekke bisperingen og bispestaven.


Medan monarkiet var involvert i striden med kyrkja, vart den makta det hadd redusert, og riket vart delt meir og meir opp. Lokale fyrstar tok til seg makt, noko som førte til meir liveigenskap og mindre borgarrettar. Lokale skattar gjekk opp, medan dei kongelege økonomien gjekk ned. Juridiske rettar vart lokalt styrt, og ein svara ikkje lenger til kongeleg autoritet. På lang sikt førte nedgangen av tysk keisarmakt til at Tyskland var delt heilt fram til 1800-talet. Tilsvarande i Italia, førte investiturstrida til at keisarmakta vart svekka og at lokale separatistar vart styrkte.[15]


Pavemakta vart styrkt. Under striden prøvde begge sider å få folkeopinionen på si side, noko som førte til at lekfolket vart meir opptekne av kyrkjelege saker og at lek fromheit gjekk, noko som førte til krosstoga og 1100-talets religiøse vitalitet.


Strida slutta ikkje ved Wormskonkordatet. Det kom framtidige stidar mellom pavar og keisarar, til Nord-Italia gjekk fullstandig tapt til riket. Kyrkja brukte så krosstoget som våpen mot riket under Frederik II. Norman Cantor skriv:


The investiture controversy had shattered the early-medieval equilibrium and ended the interpenetration of ecclesia and mundus. Medieval kingship, which had been largely the creation of ecclesiastical ideals and personnel, was forced to develop new institutions and sanctions. The result during the late eleventh and early twelfth centuries, was the first instance of a secular bureaucratic state whose essential components appeared in the Anglo-Norman monarchy.[16]



Noter |





  1. Hughes 1992:5


  2. Sjå Engelsk Wikipedia 1103-1107 og Concordat of London


  3. Blumenthal 1988:34-36


  4. Blumenthal 1988:34-36


  5. Denne formuleringa kan ein finne i fleire brev sendt til biskop Opizo av Lodi. Sjå Paravicini Bagliani 2008:77.


  6. Halsall 1996c


  7. Appleby 1999


  8. Sjå Paravicini Bagliani 2008:76.


  9. Appleby 1999


  10. Halsall 1996a


  11. Halsall 1996a


  12. Shaff-Herzog. A Religious Encyclopedia: or Dictionary of Biblical, Historical, Doctrinal, and Practical Theology. II bind. New York, NY: Funk and Wagnalls Publishers, 1883, s.911.


  13. Halsall 1996b


  14. Appleby 1999


  15. Hearder & Waley 1963


  16. Cantor 1993:395 ("The Entrenchment of Secular Leadership").




  • Denne artikkelen bygger på «Investiture Controversy» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2013.



Bibliografi |



  • Appleby, R. Scott (1999). "How the pope got his political muscle." U.S. Catholic 64.9.

  • Blumenthal, Uta-Renate (1988). The Investiture Controversy: Church and Monarchy from the Ninth to the Twelfth Century. University of Pennsylvania Press.

  • Cantor, Norman F. (1993). The Civilization of the Middle Ages. HarperCollins

  • Cowdrey, H.E.J. (1998). Pope Gregory VII, 1073–1085. Oxford University Press.

  • Halsall, Paul (1996a). "Medieval Sourcebook: Henry IV: Letter to Gregory VII, 24 January 1076" (henta frå Internet Medieval Sourcebook, 19.06.2013).

  • Halsall, Paul (1996b). "Medieval Sourcebook: Gregory VII: First Deposition and Banning of Henry IV (22 February 1076)" (henta frå Internet Medieval Sourcebook, 19.06.2013).

  • Halsall, Paul (1996c). "Medieval Sourcebook: Gregory VII: Dictatus Papae 1090" (henta frå Internet Medieval Sourcebook, 19.06.2013).

  • Hearder, H. & Waley D.P. (red.) (1963). A Short History of Italy: From Classical Times to the Present Day. Cambridge University Press

  • Hughes, Michael (1992). Early Modern Germany, 1477-1806. MacMillan Press and University of Pennsylvania Press, Philadelphia. ISBN 0-8122-1427-7.

  • Jolly, Karen Louise. (1997). Tradition & Diversity: Christianity in a World Context to 1500. ME Sharpe.

  • Paravicini Bagliani, Agostino (2008). "Sia fatta la mia volontà." Medioevo 143

  • Tellenbach, Gerd (1993). The Western Church from the Tenth to the Early Twelfth Century. Cambridge University Press.



Bakgrunnsstoff |




  • "Investiture Constroversy", frå Encyclopædia Britannica Online.


  • "Conflict of Investitures", frå Catholic Encyclopedia.


  • "Canonical Investiture", frå Catholic Encyclopedia.


  • "Investiture", frå Columbia Encyclopedia.


  • "The Owl, The Cat, And The Investiture Controversy", frå Online Reference Book for Medieval Studies (ORB).


  • "Empire and Papacy", frå Internet Medieval Sourcebook.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon