Morten Ågheim




















Morten Ågheim

Fødd
20. juli 1980
Mo i Rana
Død

8. juni 2017


Yrke
skihoppar

Morten Ågheim (20. juli 1980–8. juni 2017)[1] var ein norsk tidlegare skihoppar frå Åga i Rana kommune. Han vart noregsmeister i normal bakke i 1999.


Ågheim debuterte i verdscupen i november 1997 på Lillehammer. Sesongen etter var han mellom dei aller beste skihopparane i Noreg, og gjorde enkelte sterke prestasjonar i verdscupen. Hans beste plassering i verdscupen kom då i Harrachov 20. desember 1998, ein 4. plass i stor bakke. Seinare i sesongen vart han samanlagt nummer 13 i den tysk-austerrikske hoppveka og var med på det norske laget som vart nummer 6 i laghoppinga under VM i Ramsau. Han vart noregsmeister då han vann tevlinga i normalbakken på Raufoss, med klar margin til sølvgutane Roar Ljøkelsøy og Christian Meyer. I 2000-sesongen vann Ågheim sølv i begge bakkane under NM-renna, begge gongane bak Lasse Ottesen. I internasjonale tevlingar makta han ikkje lengre å hevde seg. Han la opp 2002. Ågheim budde i Mo i Rana.




Innhaldsliste






  • 1 Besteplasseringar i internasjonale renn


  • 2 Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap


  • 3 Kjelder


  • 4 Referansar





Besteplasseringar i internasjonale renn |



  • 1998: Nr 16 i Planica

  • 1998/99: Nr 4 i Harrachov

  • 1999/2000: Nr 15 i Val di Fiemme

  • 2001: Nr 28 i Trondheim



Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |



  • 1998: Nr 4 i normalbakken i Trondheim

  • 1999: Gullmedalje i normalbakken på Raufoss

  • 2000: Sølvmedalje både i normalbakken på Vang og i storbakken i Meldal

  • 2001: Nr 6 i storbakken i Trondheim

  • 2002: Nr 7 i normalbakken i Høydalsmo



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


Referansar |





  1. Dødsannonse








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon