Axel Jensen




























Axel Jensen

Axel Jensen ved Piano-AJ2.jpg

Fødd
12. februar 1932
Trondheim
Død

13. februar 2003
Kristiansand


Yrke
skribent, sjølvbiograf, science fiction-forfattar
Ektefelle
Prathiba Jensen, Marianne Ihlen
Born
Tale Næss

Axel Buchardt Jensen (12. februar 1932–13. februar 2003) var ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1995. Frå 1957 til 2002 gav han ut ei rekkje romanar og andre bøker.




Innhaldsliste






  • 1 Livsløp


  • 2 Bøker


    • 2.1 Romanar


    • 2.2 Anna




  • 3 Utmerkingar


  • 4 Kjelder





Livsløp |


Jensen blei fødd i Trondheim. Han debuterte på eiget forlag i Oslo i 1955, men brende heile opplaget.


I 1950-åra budde han og ektemaken, Marianne Ihlen, på den greske øya Hydra. Han var venn med den kanadiske forfattaren Leonard Cohen, som etter brotet budde i lag med Marianne på Hydra i fleire år. Det er ei utbreidd oppfatning at Jensen baserte figuren Lorenzo i romanen Joacim etter han, men han skal ha fortalt Cohen at Lorenzo var modellert etter den svenske forfattaren Göran Tunström.


Jensen er omsett til tysk, engelsk, nederlandsk, fransk, italiensk, dansk og finsk. I eit par høve skreiv han manuskript på engelsk, som så blei omsett og utgjeve på norsk.


Han var engasjert i Salman Rushdie-saka og skreiv artiklar og ytringar om den (samla i Den øredøvende stillheten) og essayet Gud leser ikke romaner.


I siste delen av livet var Jensen fysisk sterkt hemma av sjukdom. Han døydde i Ålefjær i Kristiansand kommune.



Bøker |


(utgjeve av Cappelen der anna ikkje er nemnt)



Romanar |




  • Dyretemmerens kors – (eige forlag 1955, supprimert av forfattaren)


  • Ikaros – ung mann i Sahara – (1957, ny utgåve illustrert av Frans Widerberg på JM Stenersens Forlag 1999)


  • Line – (1959, filmatisert 1961)


  • Joacim – (1961)


  • Epp – (1965, ny utgåve 2002)


  • Mor India – (1974)


  • Junior, eller Drømmen om pølsefabrikken som bibliotek – (1978)


  • Senior – (1979)


  • Lul – (1992)


  • Og resten står skrivd i stjernene – (1995)


  • Jumbo – (1998)



Anna |




  • Onalila – en liten østvestpoesi – (1974)


  • Tago, science fiction-collage, teikningar av Per Ekholm – (1979)


  • Jan Christian Mollestad: Trollmannen i Ålefjær (Axel Jensen om Axel Jensen) – (1993)


  • Det kollektive eventyr, «en bok om Norge, Europa og EU», redaktør – (Aschehoug 1994)


  • Gud leser ikke romaner (En vandring i Salman Rushdies verden), essay – (1994)


  • Doktor Fantastisk, teikneserie, teikna av Tore Bernitz Pedersen – (1995)


  • Den øredøvende stillheten, artiklar – (1997)


  • Pasienten i sentrum (Rapport fra Nimbus) og Pasienten i periferien, artiklar – (1998)


  • En mann for sin hatt: Alfred Jarry (1873–1907), illustrert av Per og Gisela Ekholm – (Forlaget Geelmuyden.Kiese 1998)


  • Livet sett fra Nimbus, sjølvbiografi i samarbeid med Petter Mejlænder – (Spartacus Forlag 2002)


  • Guru – glimt fra Gurdjieffs verden, i samarbeid med Eric Delanouë – (2002)



Utmerkingar |



  • Abraham Woursells internasjonale litteraturpris 1965 for Epp


  • Cappelenprisen 1992 for Lul


  • Norsk PEN sin Ossietzky-pris 1994 for Gud leser ikke romaner


  • Fritt Ords honnør 1996


  • Natt&Dag sin «årets beste bok»-pris 1996 for Og resten står skrivd i stjernene



Kjelder |




  • BIBSYS (NTNU)

  • Alf van der Hagen: «Livet på Dumpen» i Dialoger 2: Åtte forfattersamtaler (Forlaget Oktober 1996)


  • Axel Jensen – forfatteren (eiget heimeområde)





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva