Petsjorahavet






Plasseringa til Petsjorahavet.


Petsjorahavet (russisk Печорское море eller Petsjorskoje more) er eit havområde nordvest for Russland og den søraustlegaste delen av Barentshavet. Havet grenser i vest til øya Kolgujev og i aust til vestkysten av Vajgatsjøya og Jugorskijhalvøya. I nord grenser havet til sørenden av Novaja Zemlja.


Petsjorahavet er grunt og i snitt berre 6 meter djupt. Det djupaste punktet er 210 meter. Søri havet går den austlege Kolgujevstraumen. Det er nokre få øyar nær kysten og den største av desse er Dolgijøya.


Petsjorahavet er blokkert av is frå november til juni. Den største elva som munnar ut i Petsjorahavet er Petsjoraelva.



Historie |


Petsjorahavet fekk namn før Barentshavet fekk dagens namn. Resten av det som i dag er Barentshavet vart då kalla «Murmanskhavet» (Murmanskoje Morye).


Petsjorahavet var ofte utgangspunkt for utforskingar av då ukjende havområde lenger aust. Den første reisa ein kjenner til over Petsjorahavet gjennom Jugorskijsundet vart gjort av den russiske utforskaren Uleb frå Nizjnij Novgorod. Uleb reiste inn i Karahavet i 1032.


Russiske pomorar, innbyggjarar ved kysten av Kvitsjøen, utforska havområdet og kysten av Novaja Zemlja sidan 1000-talet. Den første arktiske skipsruta, Den store Mangazearuta, frå Kvitsjøen til elva Ob og Jenisejbukta, starta frå siste halvdel av 1500-talet. Denne linja opna vegen til rikdommane i Sibir og var i drift til 1619, då han vart lagt ned av militære og politiske årsaker og frykt for at europearane skulle trenge inn i Sibir.


I dag vert det drive noko boring etter olje i Petsjorahavet ved oljefelta Dolginskoje og Prirazlomnoje. Dei negative økologiske følgjene av den industrielle utforskinga av kysten av Petsjorahavet har vore stor.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Pechora Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2008.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

      • Encyclopedia Britannica

      • Bental fauna[1] & [2]

      • Oljefelt

      • Isryggar

      • Menneskeleg påverknad på Petsjorahavet

      • Leonid Sverdlov, Russian naval offisers and geographic exploration in northern Russia.

      • C. Raymond Beazley, The Russian Expansion Towards Asia og the Arctic in the Middle Ages (to 1500). The American Historical Review










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

Olav Thon

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?