Sortavala




















































Sortavala
Сортавала


Horisonten til






Byvåpenet til Sortavala

Byvåpenet til Sortavala



Plassering




Sortavala is located in Russland













Sortavala is located in Karelia









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Karelia
Grunnlagd
Bystatus
1100-talet
1783
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)


19 532
Koordinatar

61°42′″N 30°40′″EKoordinatar: 61°42′″N 30°40′″E
Tidssone
- Ved sommartid

MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer
18679x
Retningsnummer (tlf)
+7 81430
Bilnummer
10

Nettstad: www.sortavala.karelia.ru

Sortavala (russisk Сортавала) er ein by i republikken Karelia i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved nordbreidda av Ladoga. Byen er ein viktig stasjon på jernbanen Viborg–Joensuu.



Historie |


Sortavala-området vart første gong registrert i svenske kjelder frå 1468. Russiske dokument nemner han først som «Serdovol» eller «Serdobol» i 1500. Busetnaden Sortavala er nemnt frå 1582. Han vart avstått til Sverige etter krigen om Ingermanland (1610-1617). Den noverande byen ser ut til å ha vorte grunnlagt i 1632.


Med freden i Nystad i 1721 kom busetnaden under Russland saman med resten av Finland, og vart gjeve det russiske namnet Serdobol. Han vart kjend for sine marmor- og granittbrot, som sørgde for dei nødvendige materiala til tsaren sine palass i Sankt Petersburg og omegn. I 1812 vart området lagt inn under det nyoppretta storhertugdømet Finland.


I 1917 var byen ein del av det nyleg sjølvstendige Finland. Han vart påført omfattende skadar etter sovjetisk massebombardment under vinterkrigen[1], og gjennom freden i Moskva vart Finland tvunge til å avstå byen til Sovjetunionen. Heile folkesetnaden i byen vart evakuert for første gong. Som med resten av Finsk Karelen vart Sortavala teke tilbake att av Finland under framhaldskrigen 1941–1944, og dei fleste av dei evakuerte vendte tilbake til heimane sine. Etter våpenkvilen i 1944 vart finnane igjen evakuert og byen avstått igjen. Etter krigen vart byen folkesett av slaviske folk.


Fram til 1940 var breidda av Ladoga sørvest for Sortavala ein av dei få relativt tett folkesette områda nord for Det karelske neset som var folkesett av karelar.




Bakgrunnsstoff |


  • Sortavala, uoffisiell nettsaed


Kjelder |




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Sortavala» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2009.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. The Soviet bombing of Sortavala in pictures
















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva