Mount Sidley




Koordinatar: 77°02′S 126°06′W


























































Mount Sidley
vulkan

MountSidleyCaldera.jpg

Flyfoto av Sidley kaldera frå sørvest

Land

Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Fjellkjede

Executive Committee Range

Stad

Marie Byrd Land
 - høgd
4 285 moh. [1][2]
 - Primærfaktor
2 517 m
 - koordinatar

77°02′S 126°06′W

Vulkantype

Skjoldvulkan

Førstestiging
Bill Atkinson
 - dato
11. januar 1990

Administrert under

Antarktistraktaten
Liste

Volcanic Seven Summits





Mount Sidley is located in Antarktis





Mount Sidley (Antarktis)




Wikimedia Commons: Mount Sidley


Mount Sidley er den høgaste vulkanen i Antarktis, og høyrer til Volcanic Seven Summits med ei høgd på 4181-4285 moh.[1][2] Han er ein massiv, hovudsakleg snødekt skjoldvulkan som er den høgaste av fem vulkanske fjell som utgjer Executive Committee Range i Marie Byrd Land. Fjellet har ein 5 km brei kaldera på sørsida av toppen[3] og ligg nordaust for Mount Waesche i den sørlege delen av fjellkjeda.


Fjellet vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på ein flytur, 18. november 1934, og vart namngjeven av han etter Mabelle E. Sidley, dottera til William Horlick som støtta Byrd-ekspedisjonen 1933–35. Trass i at fjellet ligg høgt over havet er han lite kjend på grunn av den særs avsidesliggande plasseringa. Han er langt mindre kjend enn Mount Erebus, den nest høgaste vulkanen i Antarktis som ligg nær dei amerikanske og newzealandske basane på Ross Island. Den første registrerte klatringa av Mount Sidley vart gjort av newzealendaren Bill Atkinson den 11. januar 1990, då han arbeidde i ei forskargruppe i området.


Det vart nyleg klatra på nytt i januar 2011 av ein ekspedisjon organiser av ANI.




Topografisk kart av Mounts Sidley og Waesche (1:250 000 skala)



Sjå òg |


  • Vulkanar i Antarktis


Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Mount Sidley» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • LeMasurier, W. E.; Thomson, J. W. (eds.) (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 203–207. ISBN 0-87590-172-7.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)





  1. 1,01,1 Antarctica on peaklist.org


  2. 2,02,1 . Kartet over syner høgda som 4181 moh.


  3. Kurt S. Panter, Philip R. Kyle and John L. Smellie (1997). Petrogenesis of a Phonolite-Trachyte Succession at Mount Sidley, Marie Byrd Land i Antarktis, Journal of Petrology 38(9), 1225-1253.







































Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva