Pardans






Eit par dansar tango.




Pardans der para flytter seg. Frå Newhalem i Washington i 1954.




Pardans utandørs i Moskva. Eit av para blir danna av ein mann og ei kvinne, eit av to kvinner.




Mange folkedansar er pardansar, som denne tyske dansen.





Cueca er ein chilensk folkedans der para aldri rører kvarandre.


Pardans viser til dansar som blir utført av eit koordinert par, ofte ein mann og ei kvinne. Slike dansar kan brukast til selskapsdans, i dansetevlingar eller til oppvising. Nokre kjende pardansar er vals, polka, salsa og tango.


Para i pardans held ofte i kvarandre, anten symmetrisk, til dømes ved at ein held kvarandre i hendene, eller asymmetrisk, der paret til dømes kan dansa i ei slags omfamning. I nokre dansar løyser para seg opp no og då, og i ein del folkedansar som blir dansa i par rører dansarane ikkje ved kvarandre i det heile.


Pardans kan utførast på ein enkelt stad eller paret kan flytta seg på dansegolvet, i same retning som andre par, danseretningen. I dei fleste europeiske pardansar flyttar ein seg, medan til dømes mange amerikanske pardansar kan vera stasjonære. I mange pardansar har éin dansar, typisk mannsdansaren, ei leiarrolle medan den andre dansaren følgjer.


Pardans kan ha ei viktig symbolsk tyding, som brurevalsen som ofte blir dansa ved bryllaup.




Innhaldsliste






  • 1 Ulike pardansar


    • 1.1 Historiske europeiske dansar


    • 1.2 Nordisk folkedans og gammaldans


    • 1.3 Danseband-dans


    • 1.4 Swingdans og jazz-tilknytte dansar


    • 1.5 Selskapsdans


    • 1.6 Salsafamilien


    • 1.7 Tango-tilknytte dansar


    • 1.8 Andre pardansar




  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Ulike pardansar |



Historiske europeiske dansar |



  • Gaillarde

  • Galopp

  • Gavotte

  • Menuett



Nordisk folkedans og gammaldans |



  • Gangar

  • Gammalvals

  • Reinlendar

  • Snoa

  • Hambo

  • Pols

  • Polka

  • Masurka



Danseband-dans |



  • Foxtrot

  • One-step

  • Bugg

  • Twostep

  • Castle foxtrot



Swingdans og jazz-tilknytte dansar |



  • Charleston

  • Lindy hop

  • Balboa

  • Boogie woogie

  • Bugg

  • Dobbelbugg

  • Jitterbug

  • Rock'n'roll-dans



Selskapsdans |


Standarddansar:



  • Wienervals

  • Moderne vals

  • Slowfox

  • Tango

  • Quickstep


Latindansar:



  • Cha-cha-cha

  • Rumba

  • Samba

  • Jive

  • Pasodoble



Salsafamilien |



  • Salsa

  • Merengue

  • Bachata



Tango-tilknytte dansar |



  • Argentinsk tango

  • Finsk tango

  • Selskapsdansen tango

  • Milonga

  • Canyengue



Andre pardansar |



  • Lambada

  • Slow dance

  • Kizomba

  • Ländler



Sjå òg |


  • Pas de deux


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Pardans» frå Wikipedia på svensk, og «Partner dance» frå Wikipedia på engelsk den 16. januar 2015.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pardans





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva