Siouxsie Sioux
Siouxsie Sioux | |
Siouxsie i 1980 | |
Verkeleg namn | Susan Janet Ballion |
Fødd | 27. mai 1957 London, England London Borough of Southwark |
Instrument | Vokal, gitar, piano, bass, perkusjon |
Sjanger | Punkrock, post-punk, New Wave, gothic rock, alternativ rock |
Aktive år | 1976 til i dag |
Yrke | Musikar, låtskrivar, synging, produsent |
Tilknytte artistar | Siouxsie and the Banshees, The Creatures |
Plateselskap | Polydor, Geffen, Sioux, W14 |
Siouxsie Sioux (uttalast «Susy Su») (fødd Susan Janet Ballion, 27. mai 1957) er ein engelsk songar og låtskrivar. Ho er mest kjend som frontkvinne i det kritikarroste bandet Siouxsie and the Banshees (1976–1996) og for utbrytargruppa The Creatures (1981–2005). The Banshees produserte elleve studioalbum og fleire hitsinglar, som «Hong Kong Garden», «Happy House», «Peek-a-Boo» og «Kiss Them for Me». Med The Creatures spelte Siouxsie inn fire studioalbum og hitsingelen «Right Now».
Ho har òg sunge i lag med artistar som Morrissey[1] og John Cale.[2] På midten av 2000-talet starta ho ein solokarriere og gav ut Mantaray i 2007.
Siouxsie vert rekna som «ein av dei mest innverknadsrike britiske songarane i rockehistoria».[3] Songane hennar har vorte spelt av Jeff Buckley,[4]Tricky,[5]Massive Attack,[6] og LCD Soundsystem.[7] Platene hennar har òg blitt hylla av mange andre artistar som PJ Harvey[8] og TV on the Radio.[9]
I 2011 fekk ho prisen Outstanding Contribution To Music ved Q Awards.[10]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Siouxsie Sioux» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2011.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Morrissey & Siouxsie gav ut singelen «Interlude» i august 1994 på EMI Records i Europa.
↑ Siouxsie og John Cale i duett. "Murdering Mouth". Amsterdam, Paradiso (With the Metropole Orkester). 25 February 1998.
↑ Stone, Doug. "Siouxsie'biography" Allmusicguide.com. "One of the most influential British females in rock"
↑ Untiedundone.com archives Jeff Buckley spelte «Killing Time» i WFMU Studios, East Orange, NJ, 10.11.92.
↑ "Moon-palace.de" Tricky Web Site. Tricky spelte «Tattoo»
↑ "Inflightdata.com" Messeive Attack site Messeive Attack sampla og spelte «Metal Postcard»i 1997 for filmen The Jackal
↑ "Introns 2006" jacksonfreepress.com. LCD Soundsystem spelte «Slowdive»
↑ "7th January 2000 PJ selects her Top 10 Albums of 1999". Pjharvey.net. 7 January 2000. PJ Harvey cited Anima Animus of Siouxsie/The Creatures amongst her favourite albums of 1999
↑ "Icon: Siouxsie", The Fader Magazine, The Icon Issue 67, April/May 2010. s. 71: Dave Sitek (David Andrew Sitek) TV on the Radio.
↑ Siouxsie Sioux: 'There plenty more new material to come from me'. Qthemusic.com". 25.10.11. Henta 13. desember 2011.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell side
- The Banshees & Other Creatures U.K.
Untiedundone - intervju
IMDb om Siouxsie Sioux
|