Posts

Showing posts from January 25, 2019

Junior Eurovision Song Contest

Image
Sjå òg Eurovision (fleirtyding) . Junior Eurovision Song Contest ( JESC ) er ein musikkonkurranse for born mellom 10 og 15 år, basert på Eurovision Song Contest som har blitt arrangert årleg sidan 2003. Den vart fyrst arrangert i Danmark i 2000 under namnet Dansk Melodi Grand Prix Junior. I 2002 vart resten av dei skandinaviske landa med, då gjekk konkurransen under namnet Melodi Grand Prix Junior Nordic, og frå og med 2003 vart konseptet utvida i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen til å omfatte heile Europa og konkurransen fekk frå dette året namnet Junior Eurovision Song Contest. Teksten må vere på eit av dei nasjonale språka i landet dei bur i. Det finst likevel unntak, som Georgia, som song på eit kunstig språk i 2008, og Nederland, som song på nederlandsk og engelsk i 2009. Songen må vare mellom to minutt og 30 sekundar og to minutt 45 sekundar. Når dei er ferdige med å skrive tekst og melodi, kan dei sende songen til TV-kanalen som har den nasjonale finalen