Fjærlandsfjorden
Koordinatar: 61°18′20″N 6°40′44″E Fjærlandsfjorden. Fotografiet er teke frå Riksveg 5 ved garden Berge på austsida av fjorden, med utsyn utover fjorden. Fjærlandsfjorden er ein 27 km lang fjordarm av Sognefjorden på nordsida av fjorden i kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal som går inn til Fjærland Fjærlandsfjorden framstilt av Bernt Lund (1812-1885) kring 1848. Fjorden har innløp mellom Veganeset ved Dragsvik i vest og Hella i aust. Mellom Dragsvik og Hella er det ferjesamband. Frå begge stader går det òg ferjer sør til Vangsnes. Om sommaren går det ferje innover Fjærlandsfjorden frå Balestrand. Fire km inn i fjorden går Vetlefjorden nordover, medan Fjærlandsfjorden held fram nordaustover. Store delar av fjorden er utan vegsamband, men frå Raudboti og grenda Jordal på vestsida går det veg nordover. Litt lenger inn i fjorden ligg gardane Distad og Hatlestad på vestsida og Bjåstad og Berge på austsida. Riksveg 5 går mellom desse to gardane på austsida i ein op...