Conquistador






I Lisboa står dette monumentet tileigna dei portugisiske conquistadorane, som blei kalla descobrimentos.


Conquistador (frå spansk 'erobrar') er eit uttrykk som vert nytta om soldatar, oppdagarar og eventyrarar som la store delar av Amerika og nokre øyar i Asia under spansk styre på 1600- og 1700-talet. Då Christofer Columbus oppdaga Den nye verda i 1492 gav det Spania eit forsprang i koloniseringa av Amerika. Conquistadorane nådde òg Aust-Asia på denne tida, der dei erobra øygruppa Filippinane og øya Guam.


Mange av conquistadorane var fattige adelege, hidalgoar, som såg fram til å vinna seg ein formue i den nye, rike verda over havet. Conquistadorane tok tidleg dei gullskattane dei kunne finna, og leita stadig etter meir. Det blei sendt ut fleire ekspedisjonar som leita etter dei gullrike sogebyane Cibola i Nord- og El Dorado i Sør-Amerika, men dei fann anten ingen ting eller mindre enn dei hadde håpa.




Innhaldsliste






  • 1 Erobring


  • 2 Framrykking


  • 3 Mishandling


  • 4 Oversyn over conquistadorar


  • 5 Kjelder





Erobring |





Pedro de Valdivia grunnla Santiago, hovudstaden i Chile.


Omgrepet conquistadores blei nytta mellom anna fordi desse første amerikanske koloniherrane følte eit slektskap med reconquistaen, den kristne kampen for å ta herredømet over den iberiske halvøya tilbake frå dei muslimske maurarane. Til minne om denne historiske kampen heilaga dei òg namnet Santiago Matamoros (den heilage maurar-dreparen Jakob) før dei gjekk til krig mot dei heidenske indianarane. Namnet Santiago blei òg gjeve til ei rekkje av byane conquistadorane grunnla.



Framrykking |


Den første spanske erobringa i Amerika var øya Hispaniola. Frå denne tok Juan Ponce de LeónPuerto Rico medan Diego Velasquez tok makta over Cuba. Den første europeiske busetjinga på fastlandet var Darién i Panama, grunnlagd av Vasco Nuñez de Balboa i 1512.


Conquistadoren med størst suksess var likevel Hernán Cortés, som på dei to åra 1520-1521, saman med indianske allierte, velta aztekarriket og i staden grunnla Nyspania i området som seinare skulle bli Mexico. Francisco Pizarro utførte ei tilsvarande erobring over Inkariket i dagens Peru.



Mishandling |


Erobringa av Amerika gjekk ikkje fredeleg for seg, og mange av dei opphavlege innbyggjarane blei hardt handsama av conquistadorane. Dei blei drepne, gjorde til slavar eller misbrukt på anna vis. Nokre spanjolar, som Bartolomé de Las Casas, protesterte mot desse handlingane. I 1542 vedtok ein
lovar for koloniane som skulle verna urfolka. Las Casas si skildring av korleis Vest-India blei øydelagd, Brevísima relación de la destrucción de las Indias, kom ut ti år seinare, og blei brukt av andre europeiske kolonimakter til å kritisera den spanske koloniseringa.[1] Dette er blitt kalla «Den svarte legenda», ettersom ho gjev Spania meir skuld enn andre, like grusomme kolonimakter.



Oversyn over conquistadorar |



Liste over conquistadorar, kvar og kva tid dei var aktive.





Francisco Pizarro, mannen som øydela Inkariket.




  • Diego de Almagro (Peru, 1524-1535, Chile, 1535-1537)


  • Pedro de Alvarado (Mexico, 1519-1521, Guatemala 1523-1527, Peru, 1533-1535, Mexico, 1540-1541)


  • Lucas Vásquez de Ayllón (austkysten av USA, 1524-1527)


  • Vasco Nuñez de Balboa (Panama, 1510-1519)


  • Sebastián de Benalcázar (Ecuador og Colombia, 1533-1536)


  • Álvar Núñez Cabeza de Vaca (sørvestlege USA, 1527-1536, Sydamerika, 1540-1542)


  • Hernández de Córdoba (Yucatán, 1517)


  • Francisco Vásquez de Coronado (sørvestlege USA, 1540-1542)


  • Hernán Cortés (Mexico, 1518-1522, Honduras, 1524, Baja California, 1532-1536)


  • Juan de Grijalva (Yucatán, 1518)


  • Gonzalo Jiménez de Quesada (Colombia, 1536-1537, Venezuela, 1569-1572)


  • Francisco de Montejo Yucatán, 1527-1546


  • Pánfilo de Narváez (Florida, 1527-1528)


  • Diego de Nicuesa (Panama, 1506-1511)


  • Cristóbal de Olid (Honduras, 1523-1524)


  • Francisco de Orellana (Amazonelva, 1541-1543)


  • Francisco Pizarro (Peru, 1509-1535)


  • Gonzalo Pizarro (Peru, 1540-1542)


  • Juan Ponce de León (Puerto Rico, 1508, Florida, 1513 og 1521)


  • Hernando de Soto (søraustre USA, 1539-1542)


  • Martin de Ursua, Peten-provinsen i Guatemala, 1696-1697


  • Pedro de Valdivia (Chile, 1540-1552)


  • Diego Velasquez de Cuellar (Cuba, 1511-1519)



Kjelder |




  1. «Mirror of the Cruel and Horrible Spanish Tyranny Perpetrated in the Netherlands, by the Tyrant, the Duke of Alba, and Other Commanders of King Philip II». World Digital Library. 1620. Henta 2013-08-27. 




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva