Posts

Showing posts from April 20, 2019

Jizerafjella

Image
Frýdlantské cimbuří, ein granittformasjon over Bílý Potok Jizerafjella (tsjekkisk Jizerské hory; tysk Isergebirge; polsk Góry Izerskie, òg kalla Izerafjella ) er ein del av dei vestlege Sudetane på grensa mellom Tsjekkia og Polen. Den største delen av fjellkjeda er danna av granitt, og enkelte område av basalt. Fjella har fått namnet sitt frå elva Jizera, som har sitt utspring ved den sørlege fjellsida av Smrk. Den høgaste toppen er Wysoka Kopa (1 127 m) i Polen. Andre fjelltoppar er Smrk (1 124 m), med eit utkikkstårn, Jizera (1 122 m) og Stóg Izerski (1 107 m). Områda her kan få svært mykje nedbør. 30. juli 1897 målte vêrstasjonen Nová Louka heile 345,1 mm på eit døger, noko som framleis er rekord i Europa. Innhaldsliste 1 Historie 2 Turisme 3 Kjelder 4 Bakgrunnsstoff Historie | Hala Izerska Dei første busetnadane i området går tilbake til førhistorisk tid. Seinare slo keltiske og germanske stammer, og sorbarar seg ned i dalane. På 130

Kardinalitet

Image
I matematikk er kardinalitet av ei mengd den eigenskapen som skildrar storleiken av mengda ved å bruke eit kardinaltal. Nokre gonger brukar vi omgrepet på ein numerisk måte. For endelege mengder er då kardinaliteten mengda element i mengda. Innhaldsliste 1 Samanlikning av mengder 2 Telbare og ikkje-telbare mengder 3 Døme og øvrige eigenskapar 4 Sjå òg 5 Kjelder Samanlikning av mengder | Når vi samanliknar to mengder, seier vi at ei mengd A og ei mengd B har same kardinalitet viss og berre viss det eksisterer ein bijeksjon, dvs ein injektiv (ein-til-ein-) og ein surjektiv (på-) funksjon mellom dei to mengdene. Til dømes har mengda av partal den same kardinaliteten som mengda av naturlege tal, sidan funksjonen f(n) = 2n er ein bijeksjon. Bijeksjonar blir òg kalla ein-til-ein-korrespondanser. Telbare og ikkje-telbare mengder | Kvar og ei mengd som har den same kardinaliten som mengda av naturlege tal, blir sagt å vere ei telbar uendeleg mengd

Arvid Møller

Image
Arvid Møller Fødd 14. oktober 1939 Strinda Yrke skribent, journalist Arvid Møller , (fødd 14. oktober 1939) er ein norsk journalist og forfattar busett på Lillehammer. Møller er ein av dei mest lesne og mest produktive forfattarane i Noreg, med meir enn 100 bøker bak seg. Han har spesialisert seg på biografiar om kvardagsheltar og «vanlege» menneske som har gjort ein stor innsats, t.d. industrigründarar, misjonærar, husmannskjemper og kunstnarar. Møller har òg gjeve ut ei stor mengd dokumentarbøker om ei rekkje ulike emne, m.a. kunst og natur. Dessutan har han skrive fleire bøker om medlemmer av kongehuset. Møller har motteke Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og Kongens fortenestmedalje i gull for forfattarskapen sin. Lom kommune har i tillegg gjort Møller til ambassadør for Lom for å ha skrive minst ti bøker om miljø og personar i Lom. I fylgje sidene til TV2, er Møller frimurar. Eit utval bøker av Møller | Taterdronningen: Marie Lovinie, Stor-Joha

Kari S. Vivelid

Kari S. Vivelid Fødd 24. desember 1899 Død 13. februar 1979 Yrke kunstmålar Kari Sylfestsdotter Vivelid (24. desember 1899–13. februar 1979) var ein biletkunstnar frå Vivelid på Hardangervidda i Eidfjord kommune. Ho var syster til forfattaren og målaren Lars Vivelid, og ho illustrerte mellom anna fleire av bøkene han hadde skrive — ofte i samarbeid med han sjølv. Ho laga mange måleri i løpet av livet sitt, gjerne med motiv frå fjellet. Sceneteppet ”Trollgildet” i Eidfjord ungdomshus vart måla av henne i 1937. Kari voks opp på Vivelid, og ho budde der heile livet sitt til ho døydde i 1979. Det gamle huset som ho budde i, har no vorte restaurert og fått namnet Karistova etter henne. Bakgrunnsstoff | Kort skildring av livet hennar og Karistova på nettsidene til Vivelid Fjellstova. Bokutgjevingar av Lars Vivelid, med litt informasjon om Kari. Nettsidene til Eidfjord om boka Minnedagar, illustrert av Kari Vivelid, med fødsels- og dødsår. Hardanger

Gipsy Kings

Image
Gipsy Kings Ein konsert i 2007 i Brussel i Belgia Opphav Arles i Provence i Frankrike Aktiv 1978 til i dag Sjanger Rumba flamenca, pop Plateselskap Elektra, Nonesuch, Columbia/SME Records Medlemmer Nicolas Reyes, Tonino Baliardo Tidlegare medlemmer Canut Reyes, Andre Reyes, Jacques Baliardo, Maurice Baliardo, Jorge Trasante Zelt-Musik-Festival 2016 Freiburg, Tyskland Zelt-Musik-Festival 2016 Gipsy Kings er ei gruppe musikarar frå Arles og Montpellier sør i Frankrike som syng på spansk med ein andalusisk dialekt. Sjølv om gruppemedlemmane var fødde i Frankrike, er foreldra deira hovudsakleg gitanos , spanske romfolk som flykta frå Catalonia under den spanske borgarkrigen i 1930-åra. Dei er kjend for å spele katalansk rumba, ein type pop som kjem frå tradisjonell flamencomusikk til verda. Gruppa kalla seg opphavleg Los Reyes . Musikken deira har ein særleg rumba flamenca-stil påverka av pop og mange av songane til the Gipsy Kings høv

414 Liriope

414 Liriope Oppdaging A Oppdaga av A. Charlois Oppdaga ifrå Nice Oppdaga dato 16. januar 1896 Alternative namn B 1896 CN Kategori ytre hovudbeltet Baneelement C JPL Epoke 2454600,5 JD (14. mai 2008) Solfjerne (aphel, Q) 560,629 mill. km (3,748 AE) Solnære (perihel, q) 488,494 mill. km (3,265 AE) Stor halvakse (a) 524,561 mill. km (3,506 AE) Eksentrisitet (e) 0,069 Omløpsperiode (P) 2398,307 d (6,57 år) Gjennomsnittleg anomali (M) 82,983° Banehelling (i) 9,544° Lengda til oppstigande knute (Ω ) 110,742° Perihelargument (ω) 326,189° Fysiske eigenskapar Dimensjonar 69,89 km Albedo 0,058 Spektralklasse C (Tholen) Cg (SMASS) Absolutt storleiksklasse: 9,49 414 Liriope er ein asteroide i det ytre av hovudbeltet. Han blei oppdaga den 16. januar 1896 av Auguste Charlois ifrå Observatoire de Nice. Kjelder | 414 Liriope - baneparametrar hjå JPL Oppdagarar og oppdaging

Help me solve this riddle, please

Image
0 $begingroup$ there once was a man with seven sons one of his sons was very smart four of his sons are of average intelligence the four sons that were average intelligence but much smarter than the one but there were two that were smarter than the one and then there was the other two that weren't smarter than the one but were smarter than the three if you can figure this out then we can talk! riddle share asked 3 mins ago Kim Kim 1 New contributor Kim is a new contributor to thi