Borgundfjorden



















Borgundfjorden
fjord

Hessa Slinningen Borgundfjorden DSC 0272.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg
Fylke

Møre og Romsdal



Borgundfjorden er ein fjord på sørsida av byen Ålesund på Sunnmøre. Han er 3,5 km lang og ligg mellom Nørvøya i Ålesund i nord og delar av øya Sula i sør.


Fjorden strekkjer seg frå Slinningen i Ålesund og inn til Hatlaneset i same kommune i aust. Langevåg, kommunesenteret i Sula, ligg på sørsida av fjorden. Fjorden er 128 meter på det djupaste. Fjorden er eit framhald av Heissafjorden i vest for Borgundfjorden, og held fram austover som Åsefjorden. Folk i området reknar heile fjorden frå Hessa til inst i Spjelkavika som Borgundfjorden


Fjorden er kjent for Borgundfjordfisket, eit rikt skreifiske som oftast finn stad på seinvinteren (februar-mars).


Det føreligg planer om kyssing av fjorden med ein undersjøisk vegtunnell, Borgundfjordtunnelen, for å betre kommunikasjonane mellom Ålesund og Sula.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva