Posts

Showing posts from March 17, 2019

Humor

Image
«The professional humorists' club». Vitseteikning frå 1914 av Rea Irvin som viser ein klubb av nedtrykte humoristar. Humor er noko som verker komisk, det vil seie får nokon til å le eller smila. Ein kan sjå humoren i situasjonar, forteljingar, lyd- og synsinntrykk og liknande, og med dette hevda å ha ein humoristisk sans. Kva ein finn humoristisk varierer mellom personar, kulturar og tradisjonar. Humor kan brukast som underhaldning, til å skapa samhald innan ei gruppe, til å auka lukkekjensla eller hanskast med vanskelege opplevingar, men det kan også brukast til mobbing og utestenging. Ordet «humor» er i slekt med «humør», og stammar frå det latinske for væske. Det er knytt til den gamle greske og mellomalderske teorien om humoralpatologi som sa at sinnsstemningar kunne sporast til væskebalansar i kroppen. Ein person som driv med humor kan kalla seg humorist , komikar eller klovn. Innhaldsliste 1 Humoristiske sjangrar 2 Humoristiske verkemiddel 3 Kjelde

Rivanj

Image
Rivanj Geografi Stad Adriahavet Koordinatar 44°9′10″N 15°2′16″E  Koordinatar: 44°9′10″N 15°2′16″E  Areal 4,4 km² Høgaste punkt Lukočina (112 moh.) Administrasjon Land Kroatia Fylke Zadar Demografi Folketal 22 (2001) Rivanj er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, i øygruppa Zadar mellom øyane Sestrunj og Ugljan. Ho har eit areal på 4,4 km², ei lengd på 3,4 km og ei breidd på 1,4 km. Rivanj har berre 22 innbyggjarar og de høgaste toppen er Lukocina på 112 meter. Den einaste landsbyen er Rivanj, som ligg i indre område av øya. På sørvestsida ligg dei ei lita hamn og ei grend. Øya er heilt dekt av krattskog. Rivanj har ei dagleg båtrute til Zadar. Landsbyen vart visstnok grunnlagd av folk frå øya Ugljan. v   •   d   •   e Kroatiske øyar Istria Brijuni  · Crveni Otok Kvarner Cres  · Dolin  · Goli otok  · Ilovik  · Krk  · Lošinj  · Oruda  · Prvić  · Rab  · Susak  · S

Travertin

Image
Travertin Travertin er ein type kalkstein som blir nytta som material til bygningar og skulpturar. Travertin er relativt mjukt og lèt seg enkelt handsame. Fleire kjende byggverk er oppført av travertin, blant anna Colosseum og Fontana di Trevi i Roma. Travertin vart ofte òg nytta i fliser og mosaikkar i greske og romerske bad, mellom anna fordi denne steinarten er naturleg vassavstøytande og har den spesielle eigenskapen at han ikkje blir glatt når han blir våt. I slepen form blir brukt travertin som golvfliser og som dekorativ overflate på benker, bord, servantar, badekar og liknande. Fargen varierer frå kvitaktig eller kremfarga til lys rustfarga. Innhaldsliste 1 Geokjemi 2 Førekomst 3 Bruk 4 Kjelder 5 Bakgrunnsstoff Geokjemi | Terasseformasjonar av travertin i Badab-e Surt i Iran. Raudfargen kjem av innslag av jernkarbonat. Travertin er ein sedimentær bergart som vert utfelt frå mineralkjelder, både frå grunnvatn og overflatevatn,

Steinrøys

Image
Steinrøyser kan vere utfordrande å gå i. Ei steinrøys eller ei ur er ein oppkasta eller nedrasa dunge med stein, vanlegvis grove og kanta. Ein finn ofte ei steinrøys i ei skåning eller li i landskapet etter utrasing frå fjellsider. Skråningen er avgjort ved rasvinkleen til den materialen som fell ned. Dei minste steinane samlar seg gjerne øvst, medan dei større rullar lenger nedover. Føre eit skar vil det danna seg ein vifteforma avleiring eller taluskjegle. Ei liknande avsetning kan òg blir danna ved frostsprengning på flatare område i fjellet, som då dannar blokkmark. Ein type menneskeskapte steinrøyser er rydningsrøysene. Sjå òg | Røys Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Steinrøys» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2008. Ur: geologi. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/ur%2Fgeologi. This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

C-vitamin

Image
Modell av askorbinsyremolekylet. Svart er karbon, raudt er oksygen og kvitt er hydrogen C-vitamin , også kjent som askorbinsyre og L -askorbinsyre , er eit vassløyseleg vitamin og ein antioksidant. Det er ei svak syre med kjemisk formel C6H8O6{displaystyle C_{6}H_{8}O_{6}} . Det er L -enantiomeren som verkar som eit vitamin. D -enantiomeren har ikkje biologisk aktivitet. Enantiomerane inneheld dei same atoma og er spegelbilete av kvarandre. Vitaminet er nødvendig for regulering av jernopptak og feittforbrenning. Det har òg mange andre funksjonar i kroppen. Dagsbehovet er 60 mg, men mange meiner at ein bør ta langt større dosar. Skjørbuk skuldast mangel på C-vitamin. Førekomst og bruk | C-vitamin finst i bær, frukt og grønsaker som kiwi, sitrusfrukter og potet. Askorbinsyre har E-nummer 300, og vert nytta som tilsetjingsstoff i matvarer (t.d. mjøl) for at dei betre skal tola lagring. Bakgrunnsstoff | Commons har multimedia som gjeld: Askorbinsyre Lommel

Den store journalistprisen

Image
Vinnarane av Den store journalistprisen 2018, Finn Graff og Per Egil Hegge. Den store journalistprisen er ein norsk mediepris for god norsk journalistikk skipa i 1991. Han er rekna som den fremste utmerkinga innan norsk presse. [1] Prisen vart delt ut for første gong i 1992. [1] Han erstatta i røynda Narvesenprisen, som vart utdelt fram til 1990. [1] Den store journalistprisen vert delt ut av Norsk Presseforbund, og vert delt ut til éin eller fleire medarbeidarar som i løpet av det siste året har gjort ein særs prisverdig innsats på journalistikken sitt område. [2] Juryen blir oppnemnd av Norsk Presseforbund. Utdelinga finn stad under Nordiske Mediedager i Bergen. [1] Målet med prisen er å oppmuntre til og gjera ære på kvalitet i journalistikken. [2] Prisen kan delast ut til medarbeidarar både i trykt presse, nettpublikasjonar, radio og fjernsyn. [2] Prisen består av eit diplom og 100 000 kroner i prispengar. [1] Han vert finansiert av Norsk Presseforbund, Norsk Journal

Harare

Image
Harare (tidlegare Salisbury) er hovudstaden i Zimbabwe (tidlegare Rhodesia, og før dette Sør-Rhodesia ). Med sine 1,4 milionar innbyggjarar er Harare den største byen i landet. Han vart grunnlagt i 1890 og var hovudstaden i Rhodesia og Nyasaland i perioden 1953-1963. Då Zimbabwe fekk sjølvstende i 1980 bytta byen namn frå Salisbury til Harare. Denne geografiartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han . Autoritetsdata WorldCat VIAF GND LCCN BNF BNF (data) LIBRIS SUDOC NKC GeoNames This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Transcendens

Image
Transcendens (lat. 'overskridande') viser til noko som ligg utanfor den empiriske erfaringsverda. Omgrepet blir brukt innan ulike felt. Innan teologi: Guds transcendens blir brukt for å skildra ein Gud som er skild frå verda. Innan filosofi: Brukt for å skildra det som ligg utanfor forståingsevna til menneske. Sjå fenomenologi og epistemologi. Innan matematikk: Eit transcendentalt tal eit reelt tal som ikkje er rota til noko polynom med rasjonelle koeffisientar. Motsatsen til transcendens er immanens. Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet. Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida. This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Viborg amt

Image
Viborg amt Adm.senter: Viborg Areal: 000000000004122.0000000000 4 122,48 km² Folketal: 000000000234896.0000000000 234 896 (2006) Kart Viborg amt Viborg amt var eit amt i det vestlege Danmark, på den sentral-nordre delen av halvøya Jylland. Kommunar | Bjerringbro kommune Fjends kommune Hanstholm kommune Hvorslev kommune Karup kommune Kjellerup kommune Morsø kommune Møldrup kommune Sallingsund kommune Skive kommune Spøttrup kommune Sundsøre kommune Sydthy kommune Thisted kommune Tjele kommune Viborg kommune Aalestrup kommune Danmark var fram til 1. januar 2007 inndelt i seksten amt. Desse vart erstatta av fem regionar. Amt i Danmark (1970–2006) Frederiksborg  · Fyn  · København  · Nordjylland  · Ribe  · Ringkjøbing  · Roskilde  · Storstrøm  · Sønderjylland  · Vejle  · Vestsjælland  · Viborg  · Århus Kommunar med amtsfunksjon : Bornholm  · Frederiksberg  · København This page

Viborg kommune

Image
Koordinatar: 56°27′4.6728″N 9°23′47.040″E  Viborg kommune kommune Land   Danmark Region Midtjylland Adm.senter Viborg Areal 1 408,90 km² Folketal 96 477  ( 2017 [1] ) Folketettleik 68 / km² Borgarmeister Torsten Nielsen (2014–) (K [2] ) Kommunenummer 791 Wikimedia Commons: Viborg Kommune Nettstad: http://viborg.dk/ Viborg kommune er ein kommune på Jylland i Danmark i Region Midtjylland. Kommunen vart skipa i samband med kommunereforma 1. januar 2007 og er ei samanslåing av kommunane Bjerringbro, Fjends, Karup, Møldrup, Tjele, tidlegare Viborg kommune og delar av Aalestrup. [3] Viborg kommune har 96 477 innbyggjarar (2017) og administrasjonsenteret ligg i Viborg. Kjelder | ↑ «Kommunale Nøgletal» (dansk) . Økonomi- og Indenrigsministeriet . Henta 22. mars 2017 .   ↑ «Borgmester Torsten Nielsen» (dansk) . Danske Kommuner . Henta 22. mars 2017 .   ↑ Roger Pihl. «Vibor

Benelux

Image
Benelux flagg Kart over Benelux (Belgia, Nederland og Luxembourg) Benelux eller Be-Ne-Lux-landa er ei fellesnemning på Be lgia, Ne derland og Lux embourg. Dei to offisielle språka er nederlandsk og fransk. Namnet er skapt ved å setje saman dei fyrste stavingane frå kvart av namna til medlemslanda, og vart opphavleg til ved opprettinga av den økonomiske unionen «Benelux» (Benelux Economische Unie / Union Économique Benelux). Innhaldsliste 1 Land 2 Tollunion 3 Kamp mot kriminalitet 4 Bakgrunnsstoff Land |   Belgia   Nederland   Luxembourg Tollunion | Tollunionen vart avtalt i 1944 og trådde i kraft i 1948 med formål om å fremje den frie rørsla av arbeidskraft, kapital, tenesteytingar og varer dei tre landa imellom. Stiftinga bidrog til utviklinga fram mot Den europeiske unionen. Kamp mot kriminalitet | I 2004 vart det avtalt at politistyrkane til medlemslanda gjerne må overskride landegrensene til kvarandre i kampen mot d

Filip IV av Spania

Image
Filip IV & III Konge av Spania Regjeringstid 31. mars 1621 – 17. september 1665 Fødd 8. april 1605 Fødestad Valladolid i Spania Død 17. september 1665 (60 år) Dødsstad Madrid i Spania Gravstad El Escorial Føregangar Filip III Etterfølgjar Karl II Gift med Elisabeth of France, Mariana av Austria Dynasti House of Habsburg in Spain Far Filip III av Spania Mor Margaret av Austerrike Born Balthasar Charles, Maria Theresia av Spania, Margaret Theresia av Spania, Philip Prospero, Prince of Asturias, Karl II av Spania, Juan José av Austria, Alonso Henríquez de Santo Tomás, Alonso Antonio de San Martín, Q5750314, Q12176964, Ferran Tomàs d'Àustria Filip IV (spansk Felipe IV ), (8. april 1605–17. september 1665) var konge av Spania mellom 1621 og 1665, herskar over Dei spanske Nederlanda og konge av Portugal (som Filip III , portugisisk Filipe III ) fram til 1640. Filip vert hugsa som ein kunstelskar, og verna kunstnara

Åttiårskrigen

Image
Åttiårskrigen Otto van Veen: Frigjeringa av Leiden (1574). Dei utsulta innbyggjarane feirar med sild og kvitt brød etter at omleiringa var over Dato 1568 - 1648 Stad Nederlanda (global kolonikrig) Resultat Münstertraktaten; Dei sameinte Nederlanda fekk sjølvstende Partar Nederlandske opprørarar Det spanske riket Åttiårskrigen , òg kalla den nederlandske revolusjonen (1568 [a] –1648) var ein krig mellom Dei sytten provinsane i Nederlanda mot Det spanske (Habsburgske) riket. Spania klarte opphavleg å slå ned opprøret. I 1572 erobra opprørarane Brielle og krigen utarta seg. Dei nordlege provinsane vart sjølvstendig, først de facto , og i 1648 de jure . Under krigen vart Dei sameinte Nederlanda eller Den nederlandsk republikken raskt ei verdsmakt gjennom handel og opplevde ein periode med økonomisk, vitskapleg og kulturell vekst. Dei sørlege Nederlanda (i dag Belgia, Luxembourg og Nord-Frankrike) vart verande under spansk kontroll. Den k