Fylkesveg 60


























Fylkesveg 60

60
Strekning
Blindheim i Ålesund – Byrkjelo i Gloppen

Fylkesveg 60

Riksveier Sogn og Fjordane Møre og Romsdal.svg
Informasjon
Lengd
160,7 km
Status

fylkesveg
Ferjestrekningar
1
Tilstøytande vegar

Riksvei E 39.svg  Riksvei 15.svg 
650 via ferje

Sjå òg Fylkesveg 60 (fleirtyding)

Fylkesveg 60 (Fv60) går mellom Blindheim i Ålesund og Byrkjelo i Gloppen. Vegen er ein viktig alternativ veg til E39 mellom Ålesund og Byrkjelo (og vidare med E39 til Bergen). Fv 60 har berre ei ferje medan E39 har tre. Veglengda (bortsett frå ferjestrekninga og felles trasé med riksveg 15) er 160,7 km, av dette 82,3 km i Møre og Romsdal og 78,4 km i Sogn og Fjordane. Vegen har ei ferjestrekning (Magerholm-Ørsneset) og dessutan tilknyting til 650 via ferje Stranda-Liabygda. I sommarhalvåret er det tilknyting til 63 med turistferje på Geirangerfjorden.


Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Kommunar og knutepunkt


    • 2.1 Møre og Romsdal


    • 2.2 Sogn og Fjordane




  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Historie |


Vegen mellom Stranda og Hellesylt (Ljøvegen) vart opna i september 1962 og gav ferjefri veg mellom Stranda, Hellesylt og Hornindal.[1] Før heilårsvegen Stryn-Grotli (riksveg 15) vart opna, gjekk trafikken vinterstid frå indre Nordfjord til Austlandet via Hellesylt-Stranda-Sykkylven og vidare til Åndalsnes. Ferjesambandet Hellesylt-Stranda vart lagt ned våren 1963.[2] Etter opning av Kvivsvegen er det også ferjefritt samband mellom Stranda/Sykkylven og Ørsta/Volda. Dagens fylkesveg mellom Byrkjelo og Stranda følgjer stort sett same trase som Den trondhjemske postvei oppretta på slutten av 1700-talet.



Kommunar og knutepunkt |



Møre og Romsdal våpen.svgMøre og Romsdal |


Ålesund



  • RundkøyringRiksvei E 39.svg  Blindheim, Fv391 til Riksvei E 39.svg  Nedregarden (2,6 km)


  • 656 Magerholm


  • ferje Ferje frå Magerholm (15 min, 3 turar/time)


Sykkylven


  • til Ørsneset


  • Fv73 frå Sykkylven til Løset i Ramstaddalen (14,7 km)


  • tunnel Klokkarhaugtunnelen (75 m)


  • Fv71 frå Vik via Norwegian-road-sign-765.0.svg Sykkylvsbrua og ferje ferje frå Hundeidvik til Riksvei E 39.svg  Festøy


  • Fv77 frå Fetbrua til Hjorthol (4,0 km)


  • Fv77 Hjorthol


Stranda


  • Arm til Stranda ferjekai (1,6 km)


    • Fv83 frå Stranda til Uksneset (5,3 km)


    • 650 ferje Ferje frå Stranda til Liabygda (Gravaneset)




  • Fv81 frå Korsbakken til Engeset (4,6 km)


  • tunnel Ljønibbtunnelen/Hamregjøltunnelen (3090 m)





Hellesylt




  • tunnel Storfosstunnelen (257 m)


  • tunnel Streketunnelen (1289 m)

  • Arm til Hellesylt (1,4 km)


    • tunnel Hellesyltporten (377 m)


    • Fv80 frå Hellesylt til Vollseter (12,3 km)


    • ferje Ferje (1. mai - 30. september) frå Hellesylt til 63 Geiranger




  • 655 Tryggestad



Sogn og Fjordane våpen.svgSogn og Fjordane |




Gamle Horndøla bru, Hornindalsrokken i bakgrunnen


Hornindal



  • bro Horndøla bru


  • Fv726 frå Haugen til Tomasgård


  • Fv726 frå Gausemel til Fv664 Ytrehorn


  • Fv726 Tomasgård


  • Riksvei E 39.svg  Kvivsvegen frå Volda, felles trase til Kjøs bru


  • Fv664 frå Grodås til Otterdal


  • tunnel Kjøsahammartunnelen (813 m)


  • Riksvei 15.svg Riksvei E 39.svg  Hola, RV15 felles trasé til Stryn




Fv 60 gjennom Markane i Stryn





Loen. Fv 60 går langs fjorden (òg i bakgrunnen).


Stryn



  • 613 Bleksvingen


  • Fv721 frå Svarstad til Faleide (1,3 km)


  • RundkøyringRiksvei 15.svg  Stryn


  • tunnel Stavenestunnelen (111 m)


  • Fv723 frå Loen til Bødal (14,3 km)


  • tunnel Tyvanestunnelen (197 m)


  • Fv724 frå Olden til Briksdalen (22,1 km)


  • tunnel Vanbergtunnelen (94 m)


  • Fv725 frå Utvik til Moldreim (10,1 km)


Gloppen


  • Fjellovergang, Utvikfjellet 630 moh


  • severdighet Breimsbygda Skisenter


  • Fv692 frå Øvreset til Riksvei E 39.svg  Hetle bru (4,2 km)


  • Fv693 frå Støyva til Myklebust (8,9 km)


  • Riksvei E 39.svg  Byrkjelo



Bakgrunnsstoff |



  • Statens vegvesen – trafikkmeldingar Fv60

  • Statens vegvesen – trafikkmeldingar



  • Møre og Romsdal Fylkesbaatane

  • Ferje Magerholm - Ørsneset(Aursnes)





Kjelder |




  1. Sunnmørsposten 20. desember 2012, s.3.


  2. Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva