Odd Brochmann





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.




























Odd Brochmann

Odd Brochmann.jpg

Fødd
21. desember 1909
Christiania
Død

27. oktober 1992
København


Yrke
arkitekt, illustratør, barnebokforfattar
Far
Diderik Brochmann
Ektefelle
Karen Brochmann

Odd Brochmann på Commons



Lunde barneskule i Skien, teikna av Odd og Karen Brochmann og bygde på 1950-talet. Fotograf: Bitjungle.


Odd Brochmann (fødd 21. desember 1909 i Kristiania, daud 27. oktober 1992 i København) var ein norsk arkitekt, professor, illustratør, forfattar, stilhistorikar og statsstipendiat.




Innhaldsliste






  • 1 Familie


  • 2 Arkitektur


  • 3 Forfattarskap


  • 4 Referansar





Familie |


Odd Brochmann var son av Diderik Brochmann, og bror av forfattaren og omsetjaren Zinken Hopp.



Arkitektur |


Odd Brochmann vart utdanna arkitekt frå Noregs tekniske høgskole (NTH) 1928–1934, og etablerte arkitektkontoret Karen & Odd Brochmann i Oslo i 1937, saman med sin første kone Karen, f. Berner. Dei dreiv praksis saman til 1965. I perioden 1939-1940 dreiv dei praksisen frå Bergen, forresten heldt dei til i Oslo.[1] Eit av byggverka dei teiknet saman var [[Røde Kors]' «åndssvakeanstalt» for barn og ungdom (Bakkebøanstalten), på Bakkebø utanfor Egersund.[2] Eit anna verk var Lunde barneskule i Skien. Ein del av skuleanlegget, det såkalla S-bygh, har som det første skulebygget frå 1950-talet vorte freda av Riksantikvaren.[3] I 1952 innleidde dei eit samarbeid med arkitekt Dag Rognlien. Dei tre arkitektane dreiv praksisen saman til 1965, då overtok Rognlien firmaet åleine.[4] Arbeidet omfatta borettslag og sosiale institusjonar.



Forfattarskap |


Han laga nokre hefte med morskapslesning i 1930-årane, skrev for studentrevyar, og illustrerte barnebøker av Heljar Mjøen og Einar Schibbye. Sjølv debuterte han med ei historiebok i 1942, som vart følgt opp av Eit eventyr om Noreg i tekst og teikningar i to bind (1943–44) der systera Zinken Hopp skreiv, og han teikna. Av hans forfattarskap for barn er det i dag dei to bøkane tileigna dottera Marianne som vert hugsa: Mariannes brev (1946) og Marianne på sykehus (1948) som vert hugsa. Mariannes brev er historia om ferda til eit brev frå Marianne i Svolvær til Kristin i Trysil. Boka skildrar dermed postgongen i Noreg på 1940-talet.[5] Oppfølgjaren frå 1948 handlar om då Svolvær-jenta Marianne ved eit uhell svelgde ei brosje og måtte sendast til Rikshospitalet i Oslo for å opererast. Marianne på sykrhus vart i 1948 lønt med Kirkedepartementets Kultur- og litteraturpris til for barne- og ungdomslitteratur (3. premie). Marianne på sykehus vart òg filmatisert i 1950, og filmen fekk same tittel som boka. Begge bøkane om Marianne vert prega av ei optimistisk framstilling av høva i det moderne samfunnet.[6] For barnebokforlaget til Åsmund S. Lærdal skreiv og illustrerte han to bøkar: Nonnene på Jomfruland : historia om Jomfruland, om nonnene som budde der i gamle dagar og om fyret på øya, som vart utgjeve i 1947, og deretter maleboka Alle tiders malebok, Drakt parade for gutter og jenter.[7][8] I 1949 utgav han barneboken Trekløveret, som er interessant, ikkje minst fordi teksta vekslar mellom dansk, norsk og svensk. Dette avspeglar at boka har tre forteljarstemmar: den danske guten Kaj, som fortel om sin ferd til Noreg, den norske jenta Kari, som fortel om sit besøk i Sverige; og den svenske guten Göran, som fortel om sit opphald i Danmark. Boka er illustrert av forfattaren.[9]



Referansar |




  1. «Karen Berner Brochmann – Norsk kunstnerleksikon». Store norske leksikon (norsk). Henta 15. april 2017. 


  2. «Uhørte stemmer og glemte steder. Fortellinger fra utviklingshemmedes historie.». www.institusjon.no. «Den ligger vakkert til, Røde Kors’ nye åndssvakeanstalt for barn og ungdom, på Bakkebø utenfor Egersund. (---) Det er arkitektparet Karen og Odd Brochmann som har tegnet anlegget, og de har virkelig klart å forene det stilfulle med det praktiske.» 


  3. vitja 2009-06-16


  4. Arkitekturleksikon. Oslo. 1999. ISBN 8279350071. 


  5. Mariannes brev ; [og], Marianne på sykehus. Stabekk. 1972. ISBN 8252504566. 


  6. Norsk barnelitteraturhistorie. 2006. s 166


  7. Nonnene på Jomfruland: historien om Jomfruland, om nonnene som bodde der i gamle dager og om fyret på øya. Stavanger. 1947. 


  8. «Odd Brochmann». nett.vestadmin.no. 


  9. Trekløveret. Oslo. 1949. 



  • Denne artikkelen bygger på «Odd Brochmann» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva