Posts

Showing posts from April 6, 2019

Dagbrot

Image
Dagbrot ved Garzweiler i nærleiken Köln i Tyskland for å take ut brunkol, ei brensle som forureinar særs mykje. Slike enorme brunkol-dagbrot er det fleire av på kontinentet. Dagbrot er nemninga på slike uttak av malm og andre mineral, nyttbare steinsortar, kol, (særleg brunkol), steinsalt osb. som kan gjerast ved å grave frå terrengoverflata, altså utan å gå ned eller inn i berget eller under jorda i tunnelar. Motsetnaden til dagbrot er gruve , som er nemninga då ein må inn i berget gjennom sjakter (loddrette eller særs steile gruvegangar) eller stollar (horisontale eller svakt skrånande gruvegangar) for å få ut materialet ein skal nytte. Eit særs stort dagbrot her i landet ligg i Sør-Varanger i Finnmark for uttak av jarnmalm. Autoritetsdata WorldCat GND LCCN NDL This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Mount Gran

Image
Koordinatar: 76°59′S 160°58′E  Mount Gran fjell Land   Antarktis Topp Victoria Land  - høgd 2 235 moh.  - koordinatar 76°59′S 160°58′E  Administrert under Antarktistraktaten Mount Gran (Antarktis) Mount Gran er eit stort fjell med flat topp, 2235 moh, som ligg ved nordsida av Mackaybreen og like vest for Granbreen i Victoria Land i Antarktis. Det vart oppdaga av Terra Nova-ekspedisjonen, som namngav det etter Tryggve Gran, ein norsk marineoffiser som var skiekspert på ekspedisjonen. [1] Kjelder | ↑ «Gran, Mount». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey . Henta 22. oktober 2012 .   Bakgrunnsstoff |  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gran, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System). Autoritetsdata GeoNames This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Det store arktiske statlege naturreservatet

Image
Det store arktiske statlege naturreservatet er ei av dei største villmarkene på jorda. Det store arktiske statlege naturreservatet (russisk Большой Арктический государственный природный заповедник; Bolsjoj Arktitsjeskij posudarstvennyj prirodnyj zapovednik ) er eit naturreservat i Krasnojarsk kraj i Russland. Med eit areal på 41 692 km² er reservatet det største i Russland og Eurasia, og eit av dei største i verda. Det vart grunnlagd 11. mai 1993 av Resolusjon nr. 431 frå dei russiske styresmaktene. Naturreservat i Russland vert kalla zapovednik . Øyane i Karahavet som høyrer til Det store arktiske statlege naturreservatet har ei overflate på 4 000 km². Av øyane her finn ein Kirovøyane, Voroninaøya, Izvestij TSIK-øyane, Arktitsjeskij Institut-øyane, Sverdrupøya, Ujedinenijaøya og fleire andre mindre øyar. Denne delen representerer om lag heile det naturlege og biologiske mangfaldet på øyane i den austlege delen av Karahavet i Nordishavet. Mange dyr og planter held til i n

Russkijøya

Image
Koordinatar: 42°59′59″N 131°49′58″E  For øya med same namn i Karahavet, sjå Russkijøya i Karahavet. Russkijøya Russkijøya (russisk остров Русский, 'Den russiske øya') er ei øy i Peter den store-bukta utanfor Vladivostok i Russland. Aust-Bosporus skil øya frå Muravjov Amurskij-halvøya. I 1889 dannar Russkijøya ein del av forsvarsverket til festningsbyen Vladivostok. Gjennom fleire hundreår vart dei opphavlege trestrukturane erstatta av stein og på øya stod Fort Pospelov, som ein del av planane til oberst K. I. Velitsjko. I 1992 svelt fire soldatar på den isolerte øya i hel og fleire andre soldatar vart send til sjukehus på grunn av hunger. Kommandørane deira hadde ikkje send dei mat på fleire månader og saka vart ein nasjonal skandale. [1] I 2007 vart det rapportert at president Vladimir Putin utvikla planar om å gjere øya om til ein stor feriestad. Dette var som eit svar på den betre økonomien til Kina og frykt for eit mogeleg kinesisk økonomisk hegemoni. Øy

Does the fruit of Mantra Japa automatically go to Indra if Japa Samarpana Mantra is not chanted?

Image
1 Please let me know does all the mantra chanting energy go to Indra, if we don't chant the below Samarpanam mantra after mantra chanting: Devta: गुह्याति-गुह्य-गोप्ता-त्वं गृहाणास्मितकृतम् जपं। सिद्धिर्भवतु मे देवो त्वत्प्रसादान्मयि स्थिरा || Devi: गुह्याति-गुह्य-गोप्त्री-त्वं गृहाणास्मितकृतम् जपं। सिद्धिर्भवतु मे देवी त्वत्प्रसादान्मयि स्थिरा || mantras indra japa punyam share | improve this question edited 7 mins ago Rickross 54.6k 3 80 192 asked 3 hours ago Ram