Bergen bystyre




For siste bystyre sjå Bergen bystyre 2015–2019



Byvåpenet




Det gamle rådhuset i Bergen, med ei soge frå andre halvdelen av femtenhundretalet, er staden der bystyresalen ligg og bystyremøta går føre seg.


Bergen bystyre er kommunestyret i Bergen kommune. Bystyret er såleis den folkevalde leiinga av Bergen kommune og det høgste kommunale organet i samsvar med Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven). Frå og med kommunevalet i 1999 er talet på folkevalde i Bergen bystyre 67, etter at det då vart redusert frå 85.


Bystyret gjer vedtaka for kommunen i den mona det ikkje har delegert styremakt på dei aktuelle felta til underordna organ i samsvar med lova, til dømes til ulike faste råd og utval, som det er mange av. I 2000 vart det fastsett av bystyret at Bergen kommune skulle styres etter prinsippet om byparlamentarisme, det vil seie at fleirtalet i bystyret vel eit byråd som skal ha den utøvande makta. Etter denne ordninga fungerer bystyret som eit slags storting for Bergen, og byrådet som ei slags regjering under kontroll av bystyret. Under ordninga med byparlamentarisme er det partiet som har fleirtalet i bystyret, eller dei partia som etter avtale går saman om å skape eit fleirtalssamarbeid, som får makta i byrådet. Ordninga erstatta systemet med eit formannskap som var sett saman av politikarar frå dei ulike partia i høve til den fordelinga partia har i bystyret. Ordninga gjer byrådsleiaren, ikkje ordføraren, til den reelt viktigaste leiaren i byen, og gjer at byrådsleiaren òg får meir av den reelle makta som elles ville liggje til rådmannen.



Sjå òg |


  • Parlamentarisme i kommunar


Bakgrunnsstoff |



  • Organisasjonskart for kommuneadminstrasjonen i Bergen

  • Mandatfordelinga i bystyret i åra 1971–2011


  • Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)

    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva