Magnus Ladulås





Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


















Magnus Ladulås

Magnus III Barnlock of Sweden as Duke bust 2009 Skara (2).jpg

Fødd
1240
Død

18. desember 1290
Visingsö


Yrke
politikar

Magnus Ladulås på Commons



Seglet til Magnus Birgersson


Magnus Ladulås, eigenleg Magnus Birgersson (fødd ca. 1240, død 18. desember 1290 på Visingsö), først hertug, deretter konge av Sverige 1275–1290, var son av Birger jarl og Ingeborg Eriksdotter av Sverige. Dei svenske kjerneområda – Svealand og Götaland – vart samla under denne kongen med namnet Sverige ca. år 1280[1][2]




Innhaldsliste






  • 1 Tilnamnet Ladulås


  • 2 Modernisering av riket


  • 3 Ekteskap og barn


  • 4 Kjelder





Tilnamnet Ladulås |


I likskap med sin far oppretthalde Magnus på den strengaste freden i landet og fekk difor det heidrande tilnamnet ‘Ladulås’ i tydinga at «han sat lås for bonden sin lada» (ladd = låve).



Modernisering av riket |


Gjennom Alsnö-forordningen utskrive ein gong i 1279–1280 forbaud han valdshandlingar og gjennom Skänninge-forordningen i 1284 søkte han å fjerna blodhemnen, spesielt med forordningen om kongefreden. Den første forordningen inneheldt blant annan skattefridom for den som gjorde krigsteneste til hest, og med det oppstod ein av dei første grunnene til danninga av den nye adelen.



Ekteskap og barn |


Magnus Ladulås gifta seg i Kalmar den 11. november 1276 med Helvig av Holstein (død 1324/1326), dotter av greiv Gerhard I av Holstein. Paret fekk følgjande barn:




  • Erik Magnusson (omkring 1277–1279)

  • Ingeborg Magnusdatter av Sverige (1277/1279–1319), gift med den danske kongen Erik Menved (1274–1319)

  • Birger Magnusson av Sverige (1280/1281–1321), konge av Sverige


  • Erik Magnusson av Södermanland (omkring 1282–1318), hertug av Södermanland. Daude av svolt i 1318 Nyköpingshus' festning etter å ha vorte sett i fengsel av sin bror, kong Birger. Gift med norsk Ingebjørg Håkonsdatter av Noreg.

  • Valdemar Magnusson (omkring 1285–1318), hertug av Finland og (1310) av Öland. Daude av svolt i 1318 i Nyköpingshus' festning etter å ha vorte sett i fengsel av sin bror, kong Birger.

  • Rikissa Magnusdatter av Sverige (1285/1287–1348), abbedisse i St. Klart kloster i Stockholm



Kjelder |




  1. https://snl.no/Magnus_1_Ladulås


  2. https://books.google.no/books?id=uK2HDAAAQBAJ&pg=PA312&lpg=PA312&dq=Svealand++G%C3%B6taland++united++one+crown&source=bl&ots=q-DnCiPYhj&sig=4Z2LlTRGOwMHWlYu0UBxk_7GOPk&hl=no&sa=X&ved=0ahUKEwic5KLMhZLcAhWlF5oKHfMrCiYQ6AEIXDAH#v=onepage&q=Svealand%20%20G%C3%B6taland%20%20united%20%20one%20crown&f=false



  • Denne artikkelen bygger på «Magnus Ladulås» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2018.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva