Utdanning
Utdanning i Codex Manesse frå 1300-talet. Utdanning er eit uttrykk som omfattar det å lære ei spesifikk kunne, og av og til mindre handgripeleg: å få kunnskap, god dømmekraft og visdom. Utdanninga startar det augeblikket eit barn blir født og fortsett heile livet. For somme er kampane og triumfane i det daglege livet mykje meir lærerike enn ein formell skolegang (eller som Mark Twain seier: «Eg lèt aldri skolen komme i vegen utdanninga mi» ). Familiemedlemer har ein stor utdannande påverknad - ofte meir enn dei sjølv innser – sjølv om familiens utdannande påverknad er svært uformell. Ei formell utdanning inntreff når samfunnet forpliktar seg til å utdanne folk, som regel dei unge. Ei formell utdanning har fordelen av å vera rimeleg systematisk og grundig. Men kritikarar har alltid framheva at dei som sørgjer for utdanninga, om det er kyrkja, staten eller ei anna gruppe, nesten alltid vil prøve å forme dei studerande etter sine eigne ideal. I dei seinare åra har ei livsla...