Bømlo





Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Øyi Bømlo».



































Bømlo
Geografi

Norway - Bømlo.png
Stad
Sunnhordland
Koordinatar
59°46′38″N 05°13′32″EKoordinatar: 59°46′38″N 05°13′32″E





Areal 171 km²





Høgaste punkt Siggo (474 moh.)



Administrasjon
Land
Noreg Noreg
Fylke
Hordaland
Største busetnad
Svortland (2067 innb.)






Sjå òg Bømlo kommune.

Bømlo eller Bømmeløy er den største øya i Bømlo kommune (171 km2) i Sunnhordland sørvest i Hordaland. Kulleseidkanalen deler øya i ein norleg del med store nakne myrar og ein sørleg del som er frodigare. På Bømlo ligg tettstadene Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melandsvågen og den nedlagde ferjekaia Siggjarvåg. Bruer knyt øya saman med andre øyar i heradet, som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spissøy. Vegsambandet Trekantsambandet bind saman øyane og øykommunane, Bømlo og Stord med Sveio og fastlandet med bruar og ein undersjøisk tunnel. Sambandet vart opna 30. april 2001.


Fjellet Siggjo (474 moh.) ligg på øya. Det har med sin særmerkte formasjon vore eit kjent innseglingsmerke.


Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil som skal kome frå ordet «bembel», navle eller mage. I denne samanhengen er det truleg meint i tydinga tjukk, uppsvollen som spelar på formasjonen på Siggjo.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal