Posts

Showing posts from February 10, 2019

Ovipari

Image
Klekkande egg frå paradisfisk. Nazcasule med egg og kylling. Ovipar (frå latin ovum , 'egg' og parere , 'å føde') er ei nemning for forplanting som skjer gjennom egglegging. Ovipare dyr legg egg der eit embryo kan utvikla seg og seinare klekka. Eigenskapen skil seg frå vivipar forplanting, der mororganismen føder levande ungar, og ovovivipar, der egga klekker i samband med fødsel. Alle fuglar, kloakkdyr og dei fleste fiskar, amfibie, reptil, insekt og edderkoppar er ovipare. Egga som blir lagde kan vera befrukta, men lite utvikla embryo, eller eggceller som må befruktast utanfor mora. Medan dyr som lever på land ofte legg egg med nokså tjukke skal som allereie er blitt befrukta, gyter dyr som lever i vatn ofte ei mengd egg (rogn) som kan befruktast under eller etter gytinga. Nokre ovipare dyr tek vare på egga fram til klekking og kan fôra ungane seinare. Andre forlèt egga straks dei er lagde. Kjelder | «ovipare dyr» i Store norske leksikon

Fossil

Image
Eit godt bevart eksemplar av Tarbosaurus, ein av dei næraste slektningane til Tyrannosaurus. Fossil (frå latin fossus , «har vorte grave opp») er gamle dyre- eller planterestar som har unngått å rotna, og med tida har vorte ein del av jordskorpa. Dette kan vera restar av sjølve organismen som er vorte bevart, avtrykk av organismen i berggrunnen eller eit spor som vart sett medan organismen framleis levde. Fossilisering skjer som oftast når organismen fort vert gravlagd i sedimentrikt vatn. Dette vert etterfølgd av ei kjemisk endring, der det vert ført til eller trekt frå mineral. På grunn av måten fossil vert danna på, er dei vanlegast i sedimentære bergartar. Nesten alt som er kjend om utdøydde dyr kjem frå fossil. Læra om desse vert kalla paleontologi. Fossil i Noreg | I Noreg er fossil vanlegast i Oslo-feltet, der det har vorte funne mange fossil frå mellom kambrium- og silur-tida. Mellom funna her er mellom anna mange godt bevarte urfiskar som ostracodermar og placo

Karbontida

Image
Karbon eller koltida er ein geologisk periode som strekkjer seg frå slutten av devon for om lag 359,2 ± 2,5 millionar år sidan til byrjinga av permtida for om lag 299,0 ± 0,8 millionar år sidan. Karbontida var ei tid med isbredanning, lågt havnivå og fjelldanning. Ei mindre utrydding av dyr i havet skjedde om lag midt i perioden. Karbonsystemet er bergartar som er avsette i karbon. Innhaldsliste 1 Liv 1.1 Virvellause sjødyr 1.2 Planter 1.3 Virvellause landdyr 1.4 Tetrapodar 2 Masseutryddingar 3 I Noreg 4 Kjelder 4.1 Andre kjelder 5 Bakgrunnsstoff Liv | Virvellause sjødyr | I havet er dei viktigaste virvellause sjødyrgruppene foraminiferar, koralldyr, mosdyr, armføtingar, ammonoidar og pigghudingar (særleg sjøliljer). For første gong vert foraminiferar eit viktig sjødyr. Den store teinforma slekta Fusulina og slektningane var mangfaldige i det som no er Russland, Kina, Japan og Nord-Amerika. Andre viktige slekter

Anime with a boy hiring a creature from a stone, meets a man named Dante and starts a journey to collect...

Image
4 I am from India, this anime or animated series (I can't remember this was made by the Japan or other countries) was aired between 2009 and 2012 probably in Jetix/Disney XD (but I'm not sure). This anime starts with a boy (the main character, I forgot his name) who find a stone (or crystal like thing) in his dad's property, his dad was missing that time. Some day he accidentally hire a creature/monster from that stone. Other day some creature attack him and he was saved by his creature and the story begins. In his journey to solve the mystery he meets a middle aged man 'Dante' (probably that was the name; this is the only character name I can remember). He had also some stone. After that they meet with one girl and a women (one of the girls is same age with the main boy character and probab