Folgefonna nasjonalpark
Folgefonna nasjonalpark | |
nasjonalpark | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Hordaland |
Kommunar | Kvinnherad, Etne, Odda, Ullensvang, Jondal |
Areal | 545 km² |
Oppretta | 29. april 2005 |
Wikimedia Commons: Folgefonna | |
Folgefonna nasjonalpark er ein nasjonalpark prega av den tredje største isbreen i Noreg. Baroniet i Rosendal ligg like utanfor nasjonalparken. Slottet er frå 1600-talet og har vore freda sidan 1920-åra. Dette er det einaste baroniet Noreg har hatt, og bygningane med den vakre, kringliggjande rosehagen er i dag ein av Noregs aller største turistattraksjonar.
Nasjonalparken vart oppretta i 2005 og omfattar areal i Etne, Kvinnherad, Odda, Jondal kommunar og Ullensvang herad i Hordaland fylke.
Vern og bruk av parken |
Formålet med nasjonalparken er å:
- ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med fjell og bre
- ta vare på verdfull vassdragsnatur
- sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
- sikre viktige geologiske førekomstar
- sikre verdfulle kulturminne.
Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.
Bakgrunnsstoff |
- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Folgefonna nasjonalpark.
- PDF-kart
- DNT-turplanleggar
Nasjonalparkar i Noreg | |
---|---|
Blåfjella-Skjækerfjella · Breheimen · Børgefjell · Dovre · Dovrefjell-Sunndalsfjella · Femundsmarka · Folgefonna · Forollhogna · Fulufjellet · Færder · Gutulia · Hallingskarvet · Hardangervidda · Jomfruland · Jostedalsbreen · Jotunheimen · Junkerdal · Láhku · Langsua · Lierne · Lomsdal-Visten · Møysalen · Raet · Rago · Reinheimen · Reisa · Rohkunborri · Rondane · Saltfjellet-Svartisen · Seiland · Sjunkhatten · Skarvan og Roltdalen · Stabbursdalen · Varangerhalvøya · Ytre Hvaler · Øvre Anárjohka · Øvre Dividal · Øvre Pasvik · Ånderdalen | |
Svalbard | Forlandet · Indre Wijdefjorden · Nordenskiöld Land · Nordre Isfjorden · Nordvest-Spitsbergen · Sassen-Bünsow Land · Sør-Spitsbergen |
|