Sæbøvik









































Sæbøvik

tettstad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Kvinnherad

Areal
0,62 km²

Folketal
479 (2017)
Folketettleik

773 / km²



Postnummer
5454 SÆBØVIK


Sæbøvik er ein landsby[1] og tettstad på Halsnøy i Kvinnherad kommune. Landsbyen er ein av dei eldste bebudde områda i kommunen, med både busetjing og gardsdrift i minst 3000 år.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Skule og offentleg


  • 3 Kjende personar frå Sæbøvik


  • 4 Kjelder


    • 4.1 Fotnotar







Historie |


Ein veit lite om eldre historikk, anna enn at det området som i dag vert rekna som Sæbøvik sentrum låg under vatn fram til kring år 1500 f.kr. Då trakk vatnet seg tilbake, og ein kunne gå tørrskodd mellom det som i dag er ytre og indre Halsnøy. Nokre århundre seinare var det komme gardsbruk på områda, og ein har funne gamle verktøy og graver som tyder på at det var vore særs aktiv drift for si tid. Truleg har det òg vore båtbyggjing frå om lag same tidsperioden.


Ein veit lite om kva som skjedde i perioden fram til år 1500, anna enn at mesteparten av folket på Sæbøvik vart drepne av Mannedauden i 1349-50. Sidan kring 1450 har det vore ført matrikkel for gardane på Sæbøvik, og ut i frå dette kan ein lese at det har vore rikt med folk heilt sidan den gong. På byrjinga av 1900-talet kom industrien til Sæbøvik, med sildefabrikk og båtbyggeri. Sildefabrikken vart nedlagt før tusenårsskiftet, medan båtbyggeriet framleis er i drift, riktignok i mindre skala enn tidlegare.


Det har vore landhandel og bakeri på Sæbøvik sidan 1800-talet, men funn tyder på at Sæbøvik har vore ein marknadsplass i fleire århundre før dette. I dag er det handlesenter med matbutikk, frisør og byggevarehandel, samt eigen leikebutikk, klesbutikk, bensinstasjon og andre ymse bedrifter på staden.



Skule og offentleg |


Sæbøvik huser Halsnøy sin einaste ungdomsskule, som opna i 1964.[2] Barneskulen Tofte skule, låg på Tofte ved Sæbøvik og husa elevane derifrå, fram til han vart nedlagt i 2011, og elevane flytta til ny storskule på øya.


Forutan ungdomsskule og handlesenter finn ein helsesenter, pleieheim og tannlækjar på Sæbøvik.



Kjende personar frå Sæbøvik |



  • Tor Bjarne Bjelland, trommeslagar i Trucks er fødd og oppvaksen på Sæbøvik.


Kjelder |


  • Kvinnheradssoga: Bind 5 - Eid og Fjelberg


Fotnotar |





  1. http://www.landsbyen.no/


  2. Om Øyatun ungdomsskule




Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva