Mjømna











































Mjømna
Geografi

Norway - Mjømna.png
Stad
Sogn
Koordinatar
60°54′50″N 04°56′07″EKoordinatar: 60°54′50″N 04°56′07″E





Areal 10,2 km²





Høgaste punkt Mjømnefjellet (194 moh.)



Administrasjon
Land
Noreg Noreg
Fylke
Kommune

Sogn og Fjordane
Gulen





Demografi
Folketal 60 (2001)
Folketettleik 5,9 /km²



Mjømna
Foto: Bjarne Thune






Mjømna kyrkje
Foto: Bjarne Thune





Mjømna
Foto: Bjarne Thune



Mjømna er ei øy i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti.
Øya har eit areal på 10,2 km² og om lag 60 innbyggjarar.


Mjømna ligg mellom Byrknesøy i vest og Sandøy i aust. Fensfjorden ligg på sørsida. På nordsida av Mjømna ligg ei rekkje mindre øyar og holmar mellom øya og Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden.


Namnet Mjømna kjem frå norrønt mjǫðm som tyder 'hofte'. [1]




Innhaldsliste






  • 1 Næringsliv


  • 2 Mjømna sokn


  • 3 Mjømna delområde


  • 4 Samferdsel


  • 5 Kjelder


  • 6 Fotnotar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Næringsliv |


Fiskeoppdrett vart starta opp på 1980-talet. Mjømna Fiskeoppdrett AS var frå 1985 til 1989 ei verksemd på Mjømna. Kvernvågvatnet Klekkeri var frå 1985 til 1988 ei verksemd på Mjømna.



Mjømna sokn |


Mjømna kyrkjesokn femner den ytre delen av Gulen kommune. Soknekyrkje er Mjømna kyrkje som stod ferdigbygd i 1901. Mjømna sokn vart skild ut frå Gulen sokn ved kongeleg resolusjon 23. juni 1900.[2] Tidlegare hadde folket ytst i Gulen sokna til kyrkja i Eivindvik og det hadde for vore ei lang og ofte farleg kyrkjeferd dit for dei frå ytste øyene. I tillegg til kyrkja vest på Mjømna høyrer òg Byrknesøy kapell på Byrknes til soknet.



Mjømna delområde |


Mjømna er òg namnet på eit delområde i Gulen kommune. Det femner dei vestre øyene og fastlandet vestom Eidsfjorden. Ved folketeljinga i 2001 budde det 901 personar i delområdet, fordeld på 195 i Eidsbotn grunnkrins, 125 i Fivelsdal grunnkrins, 25 i Brandanger grunnkrins, 43 i Hisarøy grunnkrins, 41 i Hille grunnkrins, 128 i Mjømna grunnkrins og 344 i Byrknes grunnkrins.[3]



Samferdsel |


Fylkesveg 4 går over Mjømna. Mjømna har brusamband til Sandøya via Mjåsundbrua og til Byrknesøya via Mjømnesundbrua og Nappsundbrua.


I november 2010 vart fastlandssambandet til Ytre-Gulen fullført med opninga av Brandangersundet bru frå Fivelsdal på fastlandet til Sandøya. Sandøya, Mjømna og Byrknesøya vert såleis landfast og ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg-Skipavik vil berre traffikere strekninga Leirvåg-Sløvåg.


Ekspressbåtane til Fjord1 har daglege anløp på Mjømna på sine ruter mellom Bergen og Sogn/Nordfjord.



Kjelder |


  • SSB: Kart som viser delområde og grunnkrinsar i Gulen kommune


Fotnotar |





  1. Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7


  2. Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Mjømna kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


  3. SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1411 Gulen»




Bakgrunnsstoff |



  • Om Mjømna sokn på nettstaden til Den norske kyrkja


  • «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

    Spire Denne Sogn og Fjordane-artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva