Posts

Showing posts from February 25, 2019

Mygg

Image
Mygg Mange stankelbeinartar er store og har myggliknande utsjånad. Det bakarste vengeparet er omdanna til to svingkøller som fungerer som balanseorgan under flyginga. Systematikk Domene: Eukaryotar Rike: Dyr Rekkje: Arthropoda Underrekkje: Hexapoda Klasse: Insecta Underklasse: Pterogyta Infraklasse: Neoptera Orden: Diptera Underorden: Nematocera Delgrupper Axymyiomorpha Blephariceromorpha Bibionomorpha Culicomorpha Psychodomorpha Ptychopteromorpha Tipulomorpha Vitskapleg namn Nematocera Fjørmyggar har veldig store antenner, slik som hos Chironomus plumosus Foto: Jeffdelonge © Entomart Mange arter er svært like kvarandre og einaste sikre måte å artsbestemme på kan vere artsspesifikke detaljar i kjønnsorgana. Dette er ein hann av et storstankelbein. Foto: ArtMechanic Myggar ( Nematocera ) er ei gruppe av tovengjene ( Diptera ), der den andre gruppa er fluger. Mygga

Fluger

Image
Fluger Calliphora augur Systematikk Rekkje: Arthropoda Underrekkje: Hexapoda Klasse: Insecta Underklasse: Pterogyta Infraklasse: Neoptera Orden: Diptera Underorden: Brachycera Vitskapleg namn Brachycera Brystet, frå sida hos ei høgare fluge Ryggsida hos ei høgare fluge Fluger (Brachycera) er ei delgruppe av tovengjene. Den andre delgruppa er myggar. Tovengjer har berre eitt par vengjer, det bakerste vengjeparet manglar, og er erstatta av to svingkøller. Fluger har generelt breiare, kraftigare kropp enn myggar. Det er 81 familiar i Noreg, med omtrent 3 000 artar. Innhaldsliste 1 Utsjånad 1.1 Bakkroppen 1.2 Brystpartiet 2 Lemmer 2.1 Hovudet 3 Kjelder 4 Bakgrunnsstoff Utsjånad | Flugene har ei kroppslengd frå 2 mm til ca. 60 mm. Kroppen består av tre kroppsavsnitt, hovudet, bakkroppen og brystpartiet. Kroppen kan ha fleire stive børstar (seta), og nokre a

Rovdefjorden

Image
Rovdefjorden sett frå ferja mellom Årvika og Koparneset Rovdefjorden er ein 13 kilometer lang fjord på Sunnmøre. Han ligg i kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Volda. Fjorden ligg på sørsida av Gurskøya og nord for Rovdestranda. I vest startar fjorden ved Syvdsnes og Støylane som ei fortsetjing av Hallefjorden. Vest for Syvdsnes strekkjer Syvdsfjorden seg sørover. Rovde ligg på sørsida av fjorden langs riksveg 652 som går her. I aust endar fjorden ved Yksnøya og Svinvikneset. På andre sida av Svinvikneset byrjar Voldsfjorden som strekkjer seg sørover. Rovdefjorden er ned til 501 m djup ved overgangen til Voldsfjorden. Koordinatar: 62°11′22.337″N 5°43′43.259″E  This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Vanylvsgapet

Koordinatar: 62°13′30.274″N 5°16′9.5448″E  Vanylvsgapet er eit 7-8 kilometer langt og 5-6 km breitt sund eller sjøstykke på Sunnmøre. Det ligg mellom Stadlandet i Nordfjord og øyane Kvamsøya og Riste i Sande kommune. Sundet strekker seg frå Rivjehornet og Haugsholmen i sør og ut mot Norskehavet. Største djupna er 276 m, lengst inne. This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Stadhavet

Stadhavet er eit havstykke utanfor Stad i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Stadhavet er eit av dei mest vêrharde havstykka i Noreg. Farvatnet har krevjande bylgjetilhøve for skipsfart 90 til 110 dagar i året. Kryssande sjø gjev vanskelege styringstilhøve, og vêret kan skifte raskt. Det har vore talrike ulukker og nestenulukker på Stadhavet opp gjennom tidene. Det har i lang tid vore vurdert å byggje ein skipstunnel gjennom Stad, for å skjerme leia. "Kanaltunnel gjennom Stat" var fyrstesidesak i avisa Nordre Bergenhus Amtstidende allereie den 11. september 1874 Bakgrunnsstoff | Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Minnesmerke over tapte menneskeliv på Stadhavet Teknisk ukeblad om skipstunnel This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Hallefjorden

Hallefjorden er ein 10 kilometer lang fjord langs kommunegrensa mellom Vanylven og Sande kommune på Sunnmøre. Fjorden går langs sørvestsida av Gurskøya og nord for Brandalsstranda. Fjorden har innløp i nordvest mellom Marøyna i vest og Hallebygda i aust og går først sørover. Rett sør for Marøyna ligg Åramsundet som går vest til Haugsfjorden. Like sør for Åramsundet ligg Åram og tvers over fjorden ligg bygda Larsnes. Mot Sørbrandal dreiar fjorden austover. Bjørlykkja ligg på sørsida av fjorden. Fjorden endar mellom Koparneset i sør og Årvika i nord. Mellom desse to stadane er det ferjesamband. Den største djupna i fjorden er 360 m. Vidare austover ligg Rovdefjorden, medan Syvdsfjorden strekkjer seg sørover frå Koparneset. Riksveg 61 går på Gurskøysida av fjorden, medan Fv2 går langs sør- og vestsida. Koordinatar: 62°11′2.7276″N 5°34′2.3592″E  This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Voksa

Voksa er ei 1,4 km² stor, låglendt øy, og ei øygruppe, sør for Sandsøya i Sande kommune på Sunnmøre. Til øygruppa høyrer øyane Hestholmen, Flatøya og Marøya, samt ei rad holmar og skjer. Mellom Voksa og Sandsøya er eit to km breidt sund, sundet mellom Sandsøya og Marøya (aust for Voksa) er vel ein kilometer breidt. Voksa er matrikkelgard nummer 63 i Sande. Garden var delt mellom tre og fem brukarar gjennom 1600- og 1700-åra. På 1800-talet voks talet på brukar til ni, frå 1833 vart også Flatøya busett, dei andre øyane og holmane har aldri vore busette. Folketalet i Voksa var 35 i 1835 og steig til 68 i 1891. Gjennom 1900-talet låg folketalet noko lågare, men alltid over 50. Sidan kringom 1965 har Voksa hatt ferjesamband med Kvamsøya, Åram og Larsnes. Veg til Sandsøya, bygt på fyllingar og med enkelte bruer, stod ferdig i 1978. Vegen går frå Voksa over Marøya til Varholmen og Sandsøya. Kjelder | Sandesoga. Band III , Volda, 1997 Autoritetsdata GeoNames This page i

Åram

Åram er ein matrikkelgard og ein krins i Vanylven kommune. I krinsen bur om lag 380 menneske. Fram til 2001 høyrde Åram til Sande kommune, ei folkeavrøysting i krinsen gjekk inn for å byte kommune. Matrikkelgarden Åram hadde fram til 2001 gardsnummer 38 i Sande. Garden var i tida frå 1620 tobølt, heilt til to nye bruk vart opparbeidde i fyrste halvdelen av 1800-talet. Åram kyrkje, som vart vigsla i 1927, står på Åram. Åram hadde rutebåtsamband frå kring 1900 til 1962. Sidan 1968 har Åram hatt ferjesamband til Voksa, Kvamsøya og Larsnes. Den kommunale krinsen Åram omfattar Brandalsstranda (langs Rovdefjorden) i nordaust og Hakallestranda (langs Vanylvsfjorden) sør for matrikkelgarden Åram. Bakgrunnsstoff | Kommunal side om Åram Kjelder | Sandesoga. Band II This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Sentripetalkraft

Image
Spel av media Berg- og dalbanevogner vert pressa gjennom ein loop ved at banen utøver ei sentripetalkraft på dei. Den reaktive sentrifugalkrafta på vognene, knytt til tregleiken deira, held dei i banen sin. Figur 1: Eit enkelt døme på uniform sirkelrørsle. Ei kule bunden til ein rotasjonsakse som roterer mot klokka rundt ein bane med konstant vinkelsnøggleik ω. Snøggleiken til kula er ein vektor tangent til banen og endrar kontinuerleg retning. Sentripetalkraft er ei kraft som gjer at ein lekam følgjer ein krum bane: ho er alltid ortogonal til snøggleiken til lekamen, mot det momentane senteret for krumminga til banen. [1] [2] Uttrykket sentripetalkraft kjem frå dei latinsk orda centrum («senter») og petere («tendere mot», «sikte på»), som syner til at krafta er retta innover mot sentrum av krumminga til banen. Isaac Newton skildra det som: «Ei sentripetalkraft er krafta som gjer at lekamar vert trekte eller drive fram, eller på noko måte går i retning mot eit pun

Sirkel

Image
Sirkel Ein sirkel er ei geometrisk form, ei lukka kurve, der alle punkta på kurva er like langt frå eit fast punkt, sentrum. Avstanden frå eit vilkårleg punkt på sirkelen til senteret blir kalla radius. Avstanden frå eit punkt på sirkelen til det motståande punktet på sirkelen, altså lengda til ei linje dratt som ein rett linje gjennom sentrum, blir kalla diameter. Diameteren er like lang som to radiusar. Sirkel med omkrinsen markert. Omkrinsen til ein sirkel er 2π gonger radiusen: O=2π ⋅ r{displaystyle O=2pi cdot r} Arealet av ein sirkel er π gonger kvadratet av radiusen: A=π ⋅ r2{displaystyle A=pi cdot r^{2}} Sirkel med ulike sirkeldelar markert: Boge (Arc), sektor og segment. Ein del av ein sirkel blir kalla ein sirkelboge. Sjå au | pi sirkelboge sfære storsirkel Bakgrunnsstoff | Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sirkel Autoritetsdata GND This page is only for reference, If you need detailed information, please check

Where do we learn that students are like offspring?

Image
1 Is there a quote in the Talmud that says something like "anyone who teaches a child Torah is like he is his parent?" sources-mekorot talmud-gemara torah-study quotations share | improve this question edited 3 hours ago Alex 21.2k 1 53 125 asked 4 hours ago Jeremy Jeremy 6,581 22 52