Stadhavet




Stadhavet er eit havstykke utanfor Stad i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Stadhavet er eit av dei mest vêrharde havstykka i Noreg. Farvatnet har krevjande bylgjetilhøve for skipsfart 90 til 110 dagar i året. Kryssande sjø gjev vanskelege styringstilhøve, og vêret kan skifte raskt. Det har vore talrike ulukker og nestenulukker på Stadhavet opp gjennom tidene. Det har i lang tid vore vurdert å byggje ein skipstunnel gjennom Stad, for å skjerme leia. "Kanaltunnel gjennom Stat" var fyrstesidesak i avisa Nordre Bergenhus Amtstidende allereie den 11. september 1874



Bakgrunnsstoff |


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Minnesmerke over tapte menneskeliv på Stadhavet


Teknisk ukeblad om skipstunnel







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal