Jacopo Carrucci (24. mai 1494–2. januar 1557), betre kjend som Jacopo da Pontormo eller berre il Pontormo, var ein italiensk kunstmålar, ein av dei tidlege og mest framståande av dei florentinske manieristane.[1]
Innhaldsliste
1Liv og gjerning
2Biletdøme
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Liv og gjerning |
Carrucci var fødd i Pontormo, ein by nær Empoli. Tilnamnet fekk han etter fødebyen, slik brukvisa ofte var i samtida. Han vart opplært målar i den florentinske stilen, rimeleg sikkert av Andrea del Sarto og truleg av Leonardo da Vinci og Piero di Cosimo. Pontormo slo gjennom med utsmykkinga av Mediciane sin villa i Poggio a Caiano, i nærleiken av Firenze. I 1523 måla han ei rad freskar med motiv frå lidingssoga til Jesus Kristus.
Pontormos litt kantete teikningar med påverknad frå Michelangelo og Dürers grafikk, og hans uvanlege bruk av fargar, kjem særleg fram i hovudverket Gravlegginga (1525-28). Biletet Kvinne med hund frå 1532 viser den manieristiske portrettstilen hans. Pontrmo er også kjend for si gåverike teikning.[1]
Rosso Fiorentino var ein rivalane hans, medan Agnolo Bronzino var hans elev og etterfølgjar.
Biletdøme |
'Gravlegginga' (1525-1528). Gravkapellet Cappella Capponi i Santa Felicità i Firenze.
'Måltidet i Emmaus' (1525)
Hellebard-soldat. (1530-åra)
Studie til Capella Capponi
Studie til Capella Capponi
Studie til Pala Pucci i San Michelino Visdomini.
Studie til 'Maria bodskapsdag'.
Kjelder |
↑ 1,01,1
Nordhagen, Per Jonas. «Il Pontormo» (22. desember 2014), Store norske leksikon.
Denne artikkelen bygger på «Jacopo da Pontormo» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2012.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...